Det vart ikkje slik. Kommuneøkonomien har ikkje vorte berre gull og grøne skogar. Alt har vorte dyrare. Spesielt straum, noko vi alle treng, har vorte veldig dyrt. No har jo dei fleste fått straumstøtte, noko som har take den verste av brodden bort frå prisane. Nokre kommunar har jo fått store inntekter frå dette, som er bra. Nord-Aurdal har jo hatt eit par gode år økonomisk.

Desse ekstrainntektene har no staten valt å stele frå kommunane. Etter mi meining er dette det det største ranet av bygdene sidan Høgfjellskommisjonen stal oppretta statsallmenningane.

I ein verd der det blir meir kamp om folk og kompetanse gjer ikkje Valdres noko som helst for å møte framtida. Nord-Aurdal har jo Omstillingsprogrammet som skal sikre og/eller skape 200 arbeidsplassar. Det er fantastisk og supert, men problemet vårt er ikkje mangel på arbeidsplassar. Det er mangel på folk til å fylle dei arbeidsplassane vi har.

Vi veit at vi er på tur inn i ei framtid der vi må innstille oss på at det er mindre ressursar å fordele. Sjølv Trygve Slagsvold Vedum forstod dette då han fekk ein jobb med ansvar. Vi kan setje oss ned med hovudet i hendene og klage over kor urettferdig verda er. Eller vi kan ta tak i framtida vår og gjere endringar som gjer den betre. Det kan hende det blir smertefullt og skummelt, men det er så mykje betre enn alternativet.

Eit godt fyrste skritt på vegen er å sjå på kommunestrukturen i Valdres. Treng vi verkeleg seks kommunar på i underkant av 18 000 menneske? Er det rett måte å bruke ressursane som vi alle skal dele på?

Dette er ein diskusjon vi alle må ta og det er betre vi tek den med ein gong. Det er som med rekningar. Rekningane som du legg bort og håpar skal forsvinne, dei rekningane kjem igjen. Du får purringar på purringar. Så kjem inkassovarselet og når du ikkje reagerer på det, er du verkeleg ille ute. Valdres sitt fyrste inkassovarsel er snart i posten. Skal vi gjere noko snart?