For etter å ha feriert to sumrar på hytta, heimen eller ein annan stad i Noreg, er nordmennene klare for å reise utanlands. Men dei reisehungrige støytar på eit nytt problem; no er det ikkje lenger ei koronakrise, men ei såkalla passkrise. Til no i år har Politiet registrert 560 340 søknadar om nye pass. I førre «normalår», 2019, kom det 270 000 søknadar.

Påtrykket for å skaffe seg nye pass er så stort at Politiet verken har nok timar, nok kapasitet eller råvarer til å produsere nye pass for dei reisehungrige. Og situasjonen er ikkje mykje betre for nasjonalt ID-kort, sjølv om ventetida her er kortare.

Koronapandemien og Ukraina-krigen skapar nemleg store utfordringar i «forsyningskjeden av viktige materialer» som blir brukt i produksjon av pass og nasjonale ID-kort, i tillegg til den enorme pågangen. Dermed vil det ta opp mot 10 veker å få tilsendt eit nytt pass frå bestillinga er sendt.

Ved Grønland politistasjon i hovudstaden er det berre éin ledig time før jul – i november. Ein kan gjerne seia at me ikkje er av det særleg framsynte og planleggjande folkeslaget. Påtrykket har ført til at folk etter seiande reiser land og strand rundt for å få seg pass.

Det gjer at passkøen også her i Valdres blir lang – i skrivande stund er fyrste ledige passtime ved politikontoret på Fagernes i august, og då er det berre ein time ledig. Den neste timen som er ledig per no, er 28. september.

Politiet har også stramma inn på tilgangen til naudpass.

«Veldig trist for barna». «Passtimer til salgs.» «5000 nordlendinger mangler pass.» «Til salgs: Passtimer hos politiet». Det manglar ikkje på overskrifter om den vanskelege passtilgangen og konsekvensar for folk flest som ikkje får seg pass tidsnok til ferien. Skal du reise utanfor EØS-området, er pass den einaste gyldige identifikasjonen. Mange som verken har førarkort eller nasjonalt ID-kort er også avhengige av pass i Noreg for å identifisere seg.

Men til sjuande og sist er det mest alvorlege kor sårbart det er når det er mangel på materiale globalt til å produsere nok pass, i tillegg til at den einaste leverandøren av pass som Noreg har, hadde produksjonsproblem i vinter.