Gå til sidens hovedinnhold

Tronge kår for norsk språk

Dagne Groven Myhren hadde eit viktig innlegg om språk i «Valdres» den 21. august. Eg les innlegget som ei bekymringsmelding for vårt eige norske språk.

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Groven Myhren viser til språkvitar Sylfest Lomheim, som alt for 20 år sidan åtvara mot at norsk kjem til å forsvinne det neste hundreåret. Og no blir det meir og meir tydeleg at norsk taper for engelsk på stadig fleire område, har Lomheim sagt til Klassekampen nyleg. Så er spørsmålet, er det like greitt?

Les også

Tenk litt på det!

Dagen etter innlegget i Valdres, hadde Aftenposten ein glitrande leiar med overskrifta «Skriv norsk!» med adresse til akademia med den påverknaden desse institusjonane har. I leiaren blir det vist til at Språkrådet har bede Oslo Science City med tilknyting til Universitetet i Oslo om å byte namn. Det same oppmodinga har Ocean Space Centre ved NTNU i Trondheim fått. Styreleiaren Svein Stølen i Oslo svarar til Språkrådet at utanlandske innovasjonsdistrikt brukar liknande namn. Men for å koma Språkrådet i møte, foreslår han å henge på ei norsk forklaring, til det enkle og velklingande «Oslo Science City – Kunnskapsbyen i Oslo».

Mot råd frå Språkrådet, har også Høgskolen i Oslo og Akershus landa på ei liknande løysing, nemleg «Oslo Met – storbyuniversitetet», men det er mest berre OsloMet som blir brukt. I Aftenposten blir det mint om at akademia har eit ansvar etter språklova for å utvikle og bruke det norske språket, men konkluderer med at det ikkje er tvil om at i denne sektoren blir norsk fortrengt til fordel for engelsk. Men no er ikkje denne språkbruken berre jål, slik eg gjerne har trudd ...

Desse institusjonane har eit krav på seg til internasjonalisering. Men når det gjeld namngjevinga er det ingenting i vegen for å ha eit norsk namn som blir omsett til engelsk ved behov, meiner Aftenposten. Men knefallet for det engelsk språket gjeld slett ikkje berre der. «Er'e så nøye», synest å vera haldninga til at fleire og fleire engelske ord glir motstandslaust inn i språket vårt i alle samanhengar.

Groven Myhren nemner at også barn ned til seks års alderen brukar timar kvar einaste dag på engelske dataspel. Dei får eit stort engelsk ordforråd som er imponerande. Barn lærer fort, og det er kjem alltid godt med å kunne engelsk, men som ei motvekt meiner Groven Myhren at det bør vera ei nasjonal oppgåve å få utarbeidd dataspel på vårt eige språk, som eitt av tiltaka for å demme opp for denne utviklinga.

Kommentarer til denne saken