ØYSTRE SLIDRE: Det melder Øystre Slidre kommune på sine heimesider fredag.
Kommunen er i gang med vaksinering av dei som er mellom 45 og 54 år gamle.
Innkallinga av alle som høyrer til denne gruppa, er dei på si side ikkje heilt ferdige med, men i løpet av veke 27, vil truleg alle desse ha fått ei tekstmelding.
Øystre Slidre er i gang med vaksinering av gruppa 45–54 år. Er du i alderen 18–24 år eller 40–44 år er det også snart din tur
Kontaktar fortlaupande
Også dei i neste kategori jamfør Folkehelseinstituttet sine retningslinjer, i alderen frå 18 til 24 år og 40 til 44 år, har byrja å bli kontakta.
Innkallingane kjem etter kvart som kommunen veit kor mange vaksinedoser dei får akkurat den aktuelle veka. Dette skjer som regel ti til fjorten dagar før vaksineringsdato.

Snart i mål med å gje fyrste dose til alle: – Det er veldig tilfredsstillande
– Særs viktig
«Me forstår at dykk er utolmodige, men alle vil få tilbod om vaksine, når det etter nasjonale retningslinjer er din tur. Det er særs viktig at alle forstår at dei må nytte tilbodet når dei får det, dette for å redusere arbeidsmengden med logistikk», er oppmodinga Øystre Slidre kommune kjem med på sine heimesider.

Desse kommunane vil prioritere lærarar og barnehagetilsette i vaksinekøen
Dei bed alle som får sms om svare på sms-en, som har ulike svaralternativ. Samstundes understrekar kommunen at alle som tidlegare har fått tilbod om vaksine som har takka nei, er velkomne til å ta kontakt att, om dei har skifta meining.