VALDRES/INNLANDET: Prislapp: 69 kroner per person.
Ordninga gjeld for ungdom mellom 15–21 år.
– Taxituren må bestillast før klokka 20.00 frå sentralen i den kommunen du ønsker å reise heim frå. Det må vere minimum tre passasjerar som skal heim til same område, skriv Innlandet fylkeskommune på sine heimesider.
Ordninga gjeld natt til laurdag og natt til søndag gjennom heile året, og i forbindelse med høgtider og spesielle arrangement etter nærare retningslinjer.
Om «Trygt hjem»
- «Trygt hjem» gjeld heimkøyring natt til laurdag og natt til søndag.
- I tillegg gjeld ordninga i jula frå 25. desember til og med natt til 1. januar, natt til skjærtorsdag og langfredag i påskeveka, og natt til 1. og 17. mai.
- Natta begynner klokka 00.00.
- Heimreise skjer normalt i tidsrommet 00.00-03.00, og tidspunkt avtales ved bestilling.
- Taxien ventar i maksimalt 10 minutt etter avtalt hentetid.
- Ordninga gjeld innanfor eigen kommune og frå nabokommune/regionsenter i eigen region, med nokre unntak.
Kjelde: Innlandetfylke.no
Finansiert av fylket
Medan heimturen kostar 69 kroner vanlegvis, må ein ut med ein 100-lapp på raude dagar og i høgtider.
Prosjektet bli finansiert av Innlandet fylkeskommune gjennom trafikktryggleiksutvalet og ein eigendel frå passasjerane.
Eit tiltak i fylkets trafikksikkerheitsplan
«Trygt hjem» er eit av tiltaka i fylkets trafikksikkerheitsplan.
– Målet er å få ungdom i Innlandet trygt heim om natta i helgene med offentleg transportmiddel, skriv dei på sine heimesider.