Gå til sidens hovedinnhold

Trym Jermund (17) er lærling i Vang bygg – køyrer firhjuling til arbeid mens han ventar på lappen

Trym Jermund Svanheld flytta «heim» til Øye frå Skjolden for å gå læretida som snikkar hjå Vang Bygg AS.

ØYE: – Eg har ikkje angra eit sekund på korkje val av yrkesveg eller læreplass. Eg har vorte godt teken i mot og tykkjer det er artig å få med seg Valdres-måtane å løyse ting på. Det er nokre små forskjellar frå korleis vi gjer det over i blaute Sogn, fortel Trym Jermund Svanheld.

Etter ei runde til fleire bedrifter i regionen vart han i vår einig med Vang bygg som læreplass.

– I vår bransje er det problem å få tak i solide lærlingar som verkeleg ynskjer å bli snikkarar. Trym Jermund gav eit godt inntrykk då han var innom og den fyrste hausten som lærling har fungert godt, fortel dagleg leiar ved Vang Bygg, John Myhre.

Bestemte seg tidleg

Allereie som niandeklassing bestemte Trym Jermund seg for å satse på arbeid som snikkar.

– Eg har odel på garden familien bur på i Skjolden, og kombinasjonen av sau og snikring vert ein god leveveg på sikt, meiner han.

Før han gjer sogning av seg att, ser han for seg ein stad mellom fem og ti år i Vang, der han bur på garden Nørdre Grøv i Øye, som mor og far hans eig no. Der budde også familien fram til Trym Jermund gjekk i femte klasse, noko ei solid dialekt er eit prov på.

– Det er greitt at sogningane får høyre litt Valdres-dialekt!

Mykje nytt

Trym Jermund har til no vore med på forskaling og reisverk på eit bustadhus på Heensåsen, mens han dei siste vekene har jobba utvendig på eit bustadhus på Lunde i Øye.

– Målet er å lære å setje opp eit bygg på best mogleg måte, så det er greitt å få med seg alle delar av prosessen. Det er elles temmeleg stor overgang frå skulebenken i Sogndal til kvardagen som lærling med fysisk arbeid heile dagen, fortel Svanheld.

Difor har det vore heilt greitt med rolege ettermiddagar denne hausten, sjølv om han ofte er heim att for å bidra i gardsdrifta. Elles har det vorte nokre turar til fjells for å fiske i eit av vatna som høyrer til garden.

– Enn så lenge har eg jo ikkje lappen, så det er litt avgrensa kor mykje eg kjem meg rundt på kvelden. I desember vert eg 18, så vi får sjå om eg kan bytte ut firehjulingen med ein bil for å koma meg både på arbeid og litt ut på det som skjer i løpet av vinteren.

Kommentarer til denne saken