LEIRA: Pengane frå TV-aksjonen NRK 2017 går til UNICEFs arbeid for å gi utdanning til barn ramma av krig og konflikt.
Når barn i krig og konflikt ikkje får utdanning, står eit helt lands framtid på spel. Årets TV-aksjon skal gi skulegang og håp til barn der krigen rasar.
Utan skulegang
Eitt av fem barn i krigs- og konfliktområde står i dag utan skulegang.
UNICEF jobbar hardt og målretta for at barn ikkje skal få øydelagt framtida på grunn av dei vaksne sine krigar og konfliktar.
TV-aksjonen 2017 skal gi utdanning til barn i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør- Sudan.
Søndag vil folk over heile landet møte bøsseberarar som er ute og samlar inn pengar. Blant dei som engasjerer seg, finn vi folkehøgskuleelevane på Valdres Folkehøgskole på Leira.
– Det er mange elevar som er gira på å gjera ein innsats, seier Tobias Hyldmo, som styrer opplegget på folkehøgskulen.
Å gi barn ein sjanse
– Det dreier seg om gi alle barn ein sjanse. Ein bitte liten innsats frå oss kan bidra til å endre livssituasjonen til eit barn til noko positivt, seier Hyldmo.
Han fortel at rundt 50 folkehøgskuleelvar har meldt seg til teneste for innsamlingskomiteen i Nord-Aurdal søndag. Elevane vil drive innsamlingsarbeid på tildelte ruter på Leira og Fagernes. For elevane er elles det å engasjere seg for verdas fattige ikkje noko uvant.
Snart sponsorløp
Valdres Folkehøgskole har eit eige bistandsprosjekt gåande i Lushoto i Tanzania. Sjølv om landet har teke imot mykje støtte frå vestlege land, er her skilnaden mellom rike og fattige ufatteleg stor. Den 28. oktober skal elevane nok ein gong trå til med eit bistandsarrangement for Lushoto, eit samfunn langt inne i fjella i Tanzania. Då går årets sponsorløp av stabelen.
– Dette prosjektet er i rute, men no dreier det seg aller fyrst om TV-aksjonen, seier Tobias Hyldmo.
Blide bøsseberarar
– Eg trur folk stort sett vil ta imot oss med eit smil. Folk har høyrt mykje om både TV-aksjonen og Unicef. Det gjer at det blir lett å samle inn pengar, seier Benedicte Løkse, som har vore med på bøssebering under TV-aksjonen på heimstaden og som også har samla inn pengar til kreftsaka.
– Eg føler at folk er hyggelegare i Valdres enn i Trondheim og andre større byar, seier Tobias Hyldmo, som lovar at bøsseberarane frå Valdres Folkehøgskole skal vera blide og høflege
– Vi har ein «blidgaranti», seier han.
– Det er viktig å vera med på slike innsamlingsprosjekt fordi vi kan bidra til å endre kvardagen folk som har det vondt, seier rogalendingen Joannes Skjeveland Eide.
Bøsseberarane vil vera ute hovudsakleg mellom klokka 14 og 16 søndag. Så då gjeld det å utstyre seg med kontantar i form av papirpengar.
Les meir om TV-aksjonen