Selskapet vårt er Noregs leiande destinasjons- og fritidsbustadutviklar med eit mål om å utvikle fantastiske fritidsopplevingar på lag med lokalsamfunnet. Vi har ein stor portefølje med fritidsbustader og aktivitetar i utvikling – på fem destinasjonar: Kragerø, Geilo, Turufjell, Norefjell og no Tyin-Filefjell òg.

Etter å ha brukt mykje tid saman med grunneigarane på Tyin-Filefjell – for å lære kvarandre å kjenne og for å etablere ein gjensidig tillit – vart vi i mai samde om ein utviklingsavtale for eit område på nesten 50 000 mål. I tillegg vart vi samde om kjøp av skianlegget, Filefjellstuene og Tyinkrysset Fjellstue. Samla sett er dette truleg den største avtalen innan destinasjonsutvikling i Noreg – nokon gong.

Det er all grunn til å takke kvar einskild grunneigar, Vang kommune, lokal næring og tidlegare eigarar av skisenteret for tilliten som er vist oss. Den nye avtalen får stor påverknad for både gardane, lokalsamfunnet og framtidige generasjonar. Det er eit stort ansvar. Eit ansvar vi i Fredensborg Fritid no er glad for å kunna ta.

Når slike store samarbeidsavtalar blir skreve under, er det naturleg at det vert stilt spørsmål. Frå hytteeigarar, frå gjestar, frå næringsliv, frå politisk hald, frå lokalsamfunn og storsamfunn. Mange av spørsmåla kan summerast opp i desse tre hovudpunkta:

a) kva ønskjer vi i Fredensborg Fritid å gjere på Tyin-Filefjell?

b) når skal vi gjere det?

c) og korleis?

Eg vil i denne kronikken freiste å svare så godt eg kan. Men: eg må be om forståing for at vi nettopp har starta arbeidet – og at vi treng litt meir tid for å kunna svare meir detaljert.

Lokaldemokratiet

Då vi kom til Tyin-Filefjell fyrste gong, skjønte vi med ein gong det som har vore kjent for folk i Valdres og Sogn til alle tider: dette er ein fantastisk reiselivsdestinasjon – høgt over havet – med eit stort potensial.

Den viktigaste verdien er sjølvsagt naturen. Det er den folk frå heile landet – og utlandet – kjem for å nyte og oppleve. Å ta vare på dei eineståande naturkvalitetane er difor vår førsteprioritet. Når vi no har samla tilgjengelege utbyggingsareal i éin felles avtale – med like vilkår for alle – inneber dette at vi kan tenke heilskapleg, langsiktig og berekraftig.

Vi har fått spørsmål om det er marknadskreftene eller lokaldemokratiet som no skal handsame planprosessane på Tyin-Filefjell. Svaret på det er enkelt: det er sjølvsagt lokaldemokratiet som skal avgjere. Kommunedelplanen for Tyin-Filefjell har vorte handsama, diskutert og justert gjennom 10 år – og vil heilt sikkert diskuterast igjen.

Men akkurat no har vi eit vindauge for å komme i gang med vidareutvikling. Saman.

Heilårsdestinasjonen

Vi har sagt at 2022 er året for å lytte, planleggje, strukturere, finne riktige samarbeidspartnarar og tilsetje gode medarbeidarar. I 2023 har vi von om at startskotet går for ein heilskapleg vidareutvikling på Tyin-Filefjell.

I ei slik utvikling ser vi sjølvsagt for oss eit velfungerande og attraktivt skisenter – med varm gjestfridom og høg kvalitet på servicen både i heisa, i varmestova, på Filefjellsstuene og på Tyinkrysset Fjellstue.

Vi har planar om fleire nye heiser – og reviderer og oppdaterer no heile den kjente masterplanen som i si tid vart laga av det kjente kanadiske selskapet Ecosign. Men sjølv om skisenteret på mange måtar er eit bankande hjarte på Tyin-Filefjell, ønskjer vi no å løfte fram mange fleire verdiar ved destinasjonen.

Vi er opptatt av å snakke om heilårsdestinasjonen Tyin-Filefjell. Og DNAet i dette heilårstilbodet er naturen sjølv: nærturar – til blomsterenga under Skørsnøse og elvekulpane i Tenla. Fine turmål som Kongevegen, Sulebu, Børrenøse, Støgenøse, Stølsnøse, Horntind, Suletind og Varhovdstind. Og lange dagsturar til stortoppene i Jotunheimen – som Urdanostinden, Falketind og Koldedalstind.

Vi ønskjer å løfte fram alle dei fenomenale stiane og løypene. Alle moglegheitene for minneverdige fotturar, fjellfiske, sykling, løping, bærplukking, jakt, langrenn, fjellski og eksepsjonelle randoneeturar. Vi ønskjer å snakke om nærleiken til Utladalen, til Hurrungane, til Sogn, til Eidsbugarden, til Hemsedalsfjellet, til heile Valdres.

Les også

Næringspanikk på naturens bekostning

Med andre ord: vi ønskjer å fortelje at Tyin-Filefjell er ein base camp for makelause naturopplevingar. Både like ved hyttetrammen – og litt lenger unna. Vi ønskjer å legge til rette for desse naturopplevingane ved å gi tilbod om gjestfridom, overnattingsplassar, god mat laga på lokale råvarer, guideverksemd, tilrettelegging og kurs i ulike aktivitetar. Og vi vil gjerne avklare éin ting allereie no: vi ønskjer ikkje å skape eit nytt Hemsedal, eit nytt Geilo eller eit nytt Beitostølen – om nokon trudde det. Vi ønskjer å halde på sjela til Tyin-Filefjell – sjølve årsaka til at folk har valt å reise hit i over 100 år.

Hytteutbygginga

Vi trur at hyttekjøparane på Tyin-Filefjell i framtida vil setje pris på ulike tilbod på dei aktuelle utviklingsareala. Nokre ønskjer å kjøpe si eiga tomt – andre ønskjer seg ei tomannshytte på eit tun, ei firemannshytte eller ei leilegheit. Vi trur på stor variasjon i moglegheitene – og ei hytteutbygging som i størst mogleg grad tar omsyn til terreng og natur.

I tillegg veit vi at både kjøparane av fritidseigedommar – både i dag og i framtida – er opptatt av klimarekneskapen. På Tyin-Filefjell er vi heldige og kan nytta rein, lokal vasskraft til mykje av drifta av destinasjonen. I tillegg kan vi velje miljøvenlege alternativ når vi byggjer nye hytter og annan infrastruktur.

Men vi kjem ikkje utanom det faktumet at transporten til og frå destinasjonen skaper eit eige avtrykk. Det finst rett nok kollektivtilbod med buss frå både Bergen og Oslo, men mange vil likevel føretrekkje privat transport når dei skal på hytta. Nettopp derfor er det ekstra viktig at vi legg til rette for grøn mobilitet når gjestane våre er vel framme på fjellet. Vi vil gjerne skape gode løysingar som gjer at bilen kan stå meir i ro gjennom helger og feriar.

Les også

At kommunen beheld ei hand på rattet for utvikling av området, blir særs viktig

Samarbeidet

Vi i Fredensborg Fritid ønskjer å snu ei negativ kurve for reiselivet på Tyin-Filefjell. Vi ønskjer å gjenreise eit stolt reisemål – og gjere Tyin-Filefjell til ein heilårsdestinasjon. Vi ønskjer å satse heilskapleg og langsiktig – og stå gjennom alle framtidige høg- og lågkonjunkturar.

Vi drøymer om å skape nye arbeidsplassar – og moglegheiter for folk til å verte buande i bygda eller flytte heim.

Med slike ambisjonar ønskjer vi sjølvsagt gode idear og innspel – både frå grunneigarar, lokalt næringsliv, folk i Valdres og Sogn, frå noverande og framtidige hytteeigarar og gjester, frå høgskular og andre interesserte innovasjons- og forskingsmiljø.

No har vi høve til å skape ein annleis heilårsdestinasjon på høgfjellet.

Vi har høve til å skape ein destinasjon for framtida.

Vi i Fredensborg Fritid gler oss til å gå denne fjellturen – saman med folk i Valdres.