Vellukka premiere på 'The Waiting Game' på Vang folkebibliotek

KALANDRA: Katrine Ødegård Stenbekk og Jogeir Daae Mæland avslutta kvelden med ein vakker og mektig konsert for dei 45 frammøtte.

KALANDRA: Katrine Ødegård Stenbekk og Jogeir Daae Mæland avslutta kvelden med ein vakker og mektig konsert for dei 45 frammøtte. Foto:

25. september var det verdspremiére på Kalandra sin musikkvideo ‘The waiting game’ på Vang frivilligsentral.

DEL

VANG: Vangsgjelding Jogeir Daae Mæland og resten av bandet synte fram den sylferske videoen som vart spelt inn på Tyin i vinter, samt ein bakomfilm og bilete frå innspelinga. Ragnhild Lund frå Location Vang fortalte også litt om sin rolle i prosjektet. Ho, og ei rekke lokale aktørar som stilte opp med mellom anna scooter, mat, overnatting, tre-bæring og andre større og mindre oppdrag, var ifølge Daae Mæland til uvurderleg hjelp for å få realisert videoen. Fleir av dei gode hjelparane var tilstades og fikk sjå resultatet av innsatsen. Kalandra avslutta kvelden med ein vakker og mektig konsert for dei 45 frammøtte.

Artikkeltags