Vann pris for godt lam

Vann pris: Kjell Gudmund og Line Svien i bedrifta Tyinlam i Vang tok imot Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Oppland torsdag.

Vann pris: Kjell Gudmund og Line Svien i bedrifta Tyinlam i Vang tok imot Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Oppland torsdag.

Torsdag fekk Kjell Gudmund og Line Svien i Tyinlam «Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Oppland» av Innovasjon Norge Innlandet.

DEL

Svejisvegen i Øye: – Ein blir audmjuk av slikt når ein veit kven ein konkurrerer mot. Vi må takke Innovasjon Norge og Vang kommune. Vi har bygd ut fjøset er to gonger. Det har vi fått støtte til og det har betydd mykje, både med pengar og psykologisk. Det er godt å vite a ein har nokon i ryggen som støttar ein når ein går nye steg, sa Kjell Gudmund Svien.

Han tok over drifta av garden i 1997, og har drive med sauehald sidan. I dag har han og Line 130 vinterfôra dyr av rasen Norsk kvit sau, og dei slepp 400 dyr fritt ut på beite i høgfjellet kvar vår.

Droppa fryserommet

– Vi har ikkje brukt pengar på det vi ikkje treng, slik som fryserom. Det droppa vi og det er vi glad for. No har vi hatt lokala eit år og vi har landa veldig godt på det vi har bygd, la Line til.

– Ei pinneside er enkelt å selje, men for kvar pinneside må vi ha ein plan med bog, lår og resten av dyret – elles går alt i grus. Ein kan ikkje ha sal i april på låret frå året før. Det går ikkje og då er ein ute, forklarte Kjell Gudmund.

Ekteparet produserer fem tonn lam i året. Det gjer ei omsetning på 1,3 millionar kroner. Likevel har dei båe to fulle jobbar ved sidan av.

Solbjørg var «gudmor»

– Vi er klar med ferskt kjøt frå Reboli fredag. Det er dei som skjær kjøtet for oss. Så er det pinnekjøt til jul. Dei to siste åra har vi vore utseld allereie dei fyrste vekene i november. Så er det fenalår til våren. Men, vi skal heller ikkje gløyme Vinjerock, som allereie har bestilt lam til festivalen i 2019. Det legg vi på frysen hos Reboli. Dessutan er Solbjørg på Fondsbu vår aller beste ambassadør og kunde. Ho framsnakkar oss, seier Line.

– Ja, ho er gudmor, kan ein vel seie, legg Kjell Gudmund til.

– Ho starta på ein måte det heile ved at ho sa til oss at; «Line og Kjell Gudmund, dette er varer eg vil ha. Lamma går i vårt nærområde og vi er veldig interessert. Skjønar de eigentleg kva de sit på?». Det var ein skikkeleg boost og ein start for oss, seier ekteparet.

Christian Hedløv Engh frå Innovasjon Norge Innlandet delte ut prisen torsdag og det var gratulasjonar frå mange, ikkje minst frå Vang kommune.

Artikkeltags