Gå til sidens hovedinnhold

Uærleg informasjon om klima og raudt kjøt

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Raudt kjøt blir framstilt som ein klimaversting. Heile 8% av norske klimagassutslepp skal koma frå landbruket og av desse kjem 4%-poeng frå norske drøvtyggjarar, iflg offisiell informasjon. Vi blir anbefalt å eta vegetarmat, fisk eller kvitt kjøt, framfor kjøt frå drøvtyggjarar. Det veldig få seier noko om er at klimapåverknaden frå norske drøvtyggjarar er på veg ned og ikkje bidreg til auka oppvarming. Kvifor? Eg skal prøve å forklare.

Ja, metanutslepp frå norske drøvtyggjarar fører til eit høgre klimagassinnhald i atmosfæren enn viss drøvtyggjarane ikkje hadde vore her, samtidig er denne høgre konsentrasjonen i balanse, fordi plantene som dyra et heile tida tek opp att det karbonet som dyra slepper ut. Klimapåverknaden er til og med på veg ned, fordi norsk landbruk og norske kyr stadig blir meir effektive. Vi har færre dyr no for å produsere like mykje kjøt og mjølk. Resultatet er at klimapåverknaden har gått ned dei siste 40 åra. Karbon frå fossile utslepp akkumulerer seg i atmosfæren, medan utslepp frå livsprosessar er i balanse og dette er ein enorm forskjell.

Slaktar vi 10% av alle drøvtyggjarar fjernar vi ganske fort ein god del metan i atmosfæren, kanskje tilsvarande 5 mnd med CO2-utslepp frå Norge. Dette vil ha ein avkjølande effekt, men det er eit eingongskutt. Etter 5 mnd med norske utslepp frå fly, bilar, industri og oljeutvinning er klimagassinnhaldet i atmosfæren akkurat det same som det var før vi slakta kyrne og vi har færre dyr til å lage mat. Importerer vi i staden kjøtet, blir reknestykket mykje verre.

Kva skal vi då gjera? Vi skal kutte i importen av soya frå utlandet. Dette vil verne regnskog og gjera at kjøt og mjølk blir laga av norsk gras og kraftfôr. Norsk jord som eignar seg til korn bør brukast til dette og ikkje til gras. Norge kjem då truleg til å produsere litt mindre kjøt og mjølk enn i dag, men det er ok, for for dei fleste er det bra å kutte litt i kjøtforbruket. Vidare må landbruket finne ut korleis vi kan kutte i fossile CO2-utslipp. Større traktorar og lengre mellom teigane er ei dårleg utvikling. Smartare gjødselhandtering og tilsetjingar i kraftfôret er andre interessante grep som kan kutte metan og lystgassutslipp. Solceller på låvetak er eit anna godt grep. Elektrifisering av det som kan gå elektrisk er også bra. God plasthandtering er viktig. På desse områda skal landbruket gjera sin del.

Eg har lurt litt på kvifor myndigheitene ikkje informerer om forskjellen på klimagassutslepp som akkumulerer seg i atmosfæren og utslepp som ikkje gjer det. Eg trur dei er redde for å gjera kommunikasjonen utydeleg. Resultatet er at særs mange bønder og bygdefolk blir generelt mistruiske til klimasaka. Det er særs uheldig og rammer heile klimasaka.

Kommentarer til denne saken