Det er berre å gratulere dei dyktige og talentfulle ungdomane bak årets revysuksess i Valdres; «Den spanske flue» – denne gongen i musikaldrakt på scena til Kulturhuset.

Ung i Valdres på scenen har openbert vore djupt sakna av valdrisane. Det er tre år sidan sist Ung i Valdres fekk syne seg fram på Kulturhuset, den gongen med musikalen «Grease». Pandemien sette effektivt ein stoppar også for den årlege Ung i Valdres-framsyninga.

Fallhøgda kunne vore svært høg. Å setje opp eit så kjend og mykje spela stykke som Den spanske flue, er offensivt, men vitnar om at Ung i Valdres, med gode medhjelparar, siktar høgt. Mykje arbeid og øving må til for at dei unge talenta skulle få syne seg fram på scena i den forrykande farsen, med innlagde valdrishistorier og krydra med musikk og dans.

Elevane ved Valdres vidaregåande skule som har stått bak årets oppsetjing, har brukt helgar og kveldar i fleire veker for å øve inn og finpusse replikkar, song og dans, og kanskje også har det gått med ein del «blod, sveitte og tårer» som det heiter i underhaldningsbransjen. Som avisa sin utsende på premiereframsyninga skreiv: «Ungdommen hevet stykket til et nytt nivå».

Med eit kulturliv som har slite litt for å få publikum til å koma, merka også i år at det har gått litt treigare med å selje billettar. Men likevel; fulle hus og rundt 1200 billettar seld totalt tyder på at valdrisane har vore meir enn klare for å la seg underhalde av dalens ungdomar.

Bildeserie

«Den spanske flue» til terningkast seks

Ung i Valdres skal skapa aktivitetar for ungdom mellom 15 og 21 år, med utgangspunkt i ungdomane sjølve. Eit breitt spekter av aktivitetar har vore gjennomførd sidan oppstarten, og musikaloppsetjinga er hovudarrangementet. Ung i Valdres er ein viktig arena for samhald og glede, men gir også rom for utvikling av talent, som årets Den spanske flue.

Me er sikre på at me vil sjå meir av ungdomane bak årets Ung i Valdres-suksess.