Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Ungdomar mellom 18 og 20 år i Valdres har svært lite å velje mellom når det kjem til utelivstilbod. Når utestadane har aldersgrense 20 år, samstundes som at tilbodet for dei under 18 år ikkje er så attraktivt for ungdomar som vil «ut på byen», blir det smått med samlingsstader for 18- og 19-åringane.
At det er eit godt utelivstilbod på Beitostølen, er dermed heilt nødvendig. Men skal Fagernes kunne kalle seg ein bygdeby, burde det vera eit meir aktivt og pulserande liv også i «hovudsstaden» i helgane – også for dei mellom 18 og 20 år.

Nesten ingen utesteder i Valdres har 18 års aldersgrense: – Vi savner et sted å være
«Vi savner et sted å være i Fagernes. Vi savner en klubb, litt likt sånn som Karjolen var for foreldrene våre», seier Jakob Blix-Nilsen. Og det er jo trist om me må attende ein generasjon for å finne eit skikkeleg tilbod på Fagernes for unge vaksne. Karjolen har framleis eit legendarisk sus over seg for generasjonar av valdrisar, fleire år etter stenginga, både på godt og vondt, vil kanskje nokon meine.
Her må utelivsbransjen også ta ansvar. At Tasty House no ynskjer å prøve ut å opne for 18-åringar på laurdagar etter klokka 23.00, er flott. Men som Øner Øzturk poengterer, trengst det dermed ekstra bemanning for å sørgje for god kontroll.
Blix-Nilsen peikar også på noko svært viktig: Utanforskap. Ikkje alle blir invitert til heimefestar, og foreldra til ungdomar som arrangerer heimefestar vil heller ikkje ha «halve bygda» på besøk. På ein utestad kan ein gå med kven ein vil, og det er ikkje anna avgrensing en talet på folk ein kan ha innandørs.
– Da jeg var ung var det flere diskoteker på Fagernes og Karjolen var stedet
Utviklinga på Fagernes burde uroe fleire enn Blix-Nilsen og Trisha Johansen. Fagernes og Leira trekkjer naturleg til seg ungdomar frå heile Valdres for å gå på vidaregåande skule. Mange bur på hybel i fleire år. Om Fagernes blir ein stad som får stempel på seg som «daud» og «kjedeleg», blir det vanskelegare å få utflyttarar også til å koma heim. Som Blix-Nilsen seier: «Det folk husker fra tida på videregående og da de vokste opp og utviklet seg, tar man også med seg når man skal etablere seg et sted.»