Gå til sidens hovedinnhold

Unge i Valdres har det godt

Ungdomsskuleelevane i Valdres har det i all hovudsak godt på skulen. Det syner årets store Ungdata-undersøking. Dei fleste er nøgde med venene sine, og dei fleste er ikkje einsame.

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Ein må ha med i mente at undersøkinga var gjort mellom 8. – 10.-klassingar i vår. Elevane hadde då vore gjennom ein periode på over eit år, med periodar med heimeundervisning over nett og nedstengde aktivitetar. I dei spreiddbygde strøka i Valdres kan det vera langt mellom jamaldrande på fritida.

Les også

Ikke ensomme – ungdom i Etnedal forteller om vennskap og godt miljø

I hovudrapporten frå Nova om undersøkinga, kjem det fram at dei unge har funne fram til sosiale treffstader likevel. Anten ved å besøke kvarandre heime eller ved å treffast «ute». Nova konkluderer med at «Det står bra til med norsk ungdom».

Undersøkinga stadfestar at det er godt å vekse opp i Valdres. Valdres-kommunane ligg også rundt landsgjennomsnittet, og nokre gongar både over og under. Det tyder at små skular ikkje skil seg negativt ut, slik ein gjerne kan få inntrykk av i sentrale debattar om kvalitet i skulen. Mindre skular med få elevar kan også vera gode når det gjeld det sosiale miljøet både på og utanfor skulen.

Les også

Ungdom i Valdres føler på både stress og ensomhet, men stort sett har de det bra, viser Ungdata-undersøkelsen

Likevel; skulane og kommunane må ta innover seg at ikkje alle melder frå om at dei har det like bra. Det er elevar som seier at dei bli mobba, som kjenner seg einsame eller gruar seg til skulen. Skulen er ein viktig inkluderingsarena. Å kunne vera annleis og gjera andre val enn sine jamaldrande kan opplevast vanskelegare i mindre distriktskommunar.

Fleire av dei me har snakka med syner til andre undersøkingar som Elevundersøkelsen. Utfordringa med denne undersøkinga, er at t.d. når det gjeld mobbing, er fleire av tala for Valdres-skulane unnateke offentlegheit eller skjerma. Det gjer det vanskelegare for offentlegheita å kunne ettergå at skulane gjer det skal for å forhindre mobbing.

Kommentarer til denne saken