Til hausten er det 12 år sidan Montessori-skulen starta opp i Ulnes. Valdres Montessoriskule har sidan då rekruttert elevar frå Nord-Aurdal og Vestre Slidre til 1. – 7. klasse, og til hausten byrjar dei fyrste elevane i den nystarta ungdomsskulen. Privatskulen vart starta i etterkant av at kommunen la ned Ulnes skule i 2010, og det kan verke som skulen – eller i alle fall avtalen kommunen har med skulen – er ei torn i auga på administrasjon og leiande politikarar.

I alle fall framstår det som svært uryddig saksførebuing når kommunen vil setje framtida for Montessori-skulen opp mot framtida for Ulnes barnehage i debatten om barnehagestruktur. Nord-Aurdal vurderer for tida den framtidige strukturen for barnehagane i kommunen. Fallande fødselstal kan få konsekvensar for om fem kommunale barnehagar kan halde fram.

Kommunedirektør Martin Sæbu foreslo tidlegare i vinter å leggje ned barnehagen i Ulnes, og oppretthalde barnehagane i Skrautvål, Fagernes, Leira og Vestringsbygde. No innstiller Sæbu på at Ulnes barnehage kan få halde fram likevel, men at det får konsekvensar for Montessori-skulen i Ulnes. Både han og ordførar Knut Arne Fjelltun argumenterer med at det ikkje er plass til både barnehage og skule på arealet i Ulnes.

Det er ikkje fyrste gong det er strid om avtalen med Valdres Montessoriskule. Det er berre to år sidan avtalen sist var oppe til debatt. Spørsmålet me no sit med, er om kommunen brukar framtida for Ulnes barnehage som ei brekkstong for nye forhandlingar med Montessori. Ifylgje styreleiar Eivind Brenna i Valdres Montessoriskule er det gjort ei juridisk vurdering av avtalen med kommunen som tilseier at avtalen er uoppseieleg.

Om kommunen i 2010 ville roe gemytta med å teikne ein slik evigvarande avtale, til ein for låg leigepris, framstår i dag som temmeleg dumt. Men i etterpåklokskapens grelle lys må kommunen sjølv ta ansvaret for det, og ikkje gjera det dei no gjer; å setje foreldra med ungar i Montessori-skulen opp mot foreldra med ungar i barnehagen. Eller meiner kommunen det er Eivind Brenna som åleine skal bera ansvaret om Ulnes barnehage blir lagt ned?

Debatten om barnehagestruktur i Nord-Aurdal ser i alle fall ut til å vera på ville vegar. Nord-Aurdal kommune må tenkje seg vel om når politikarar og administrasjon skal handtere debatten, inkludert framtida for Ulnes barnehage og Montessori-skulen, framover. Elles kan resultatet blir eit nytt bygdeopprør i kommunen.