Utdanningsforbundet: – Vi er skuffa over Senterpartiet og vedtaket, men vi set stor pris på opposisjonen sitt forsøk

Hovudtillitsvald og lokallagsleiar Tone Klevrud i Utdanningsforbundet Øystre Slidre kommune seier at dei er skuffa over vedtaket med kutt av fire lærarstillingar. No blir det drøftingar om korleis kutta skal omsetjast i praksis både på kommunenivå og ute på arbeidsplassane.