SV meiner at ein generell auke av opningstida i barnehagane for å dekke behovet til nokre få foreldre er feil bruk av kommunale midlar.

Etter eit benkeforslag i budsjettbehandlinga for 2020 vart det fleirtal for å utvide opningstida i barnehagane frå 16.30 til 17.00. Vedtaket vart gjort utan at saka var utgreidd, behovet var ikkje kartlagd, det var ingen plan for gjennomføring, og det vart ikkje sett av ekstra midlar til dette.

No viser det seg at å auke opningstida kostar 1,7 millionar i ekstra lønsmidlar.

Er det verdt det?

Barnehagane i Nord-Aurdal kommune har i «alle år» hatt opningstid 7.30-16.30. Det vil seie at barna kan vere i barnehagen 9 timar – ein relativt lang arbeidsdag!

Det har vore opna for at dei som har hatt særskild behov for det kan levere litt før. I tillegg har barnehagane vist stor velvilje om det er ein dag det er vanskeleg å hente innan fristen. Men stort sett har dei aller fleste foreldre klart å organisere arbeidstid og reisetid og henta innan stengetid. Det kan nok vere travelt ein og annan gong, men det har gått. Foreldre og arbeidsgjevarar har forhalde seg til dei opningstidene som har vore.

Sidan utvida opningstid vart innført har dei kommunale barnehagane hatt inntil 4 born kvar pr. dag etter klokka 16.30. I nokre barnehagar har ingen foreldre brukt tilbodet, i ein har det vore brukt av minst ein kvar dag. Totalt er det godt under 30 av dei totalt 271 barn som har barnehageplass som har vore der ut over gamal opningstid, nokre i 5–10 minutt, andre nesten til kl. 17.00

Så kan ein innvende at utvidinga har skjedd midt under pandemien, med periodar der barnehagen anten har vore heilt stengt eller har hatt sterkt redusert opningstid. Men då kunne ein jo tru at når det først vart opna att sto foreldra i kø for å nytte tilbodet. Slik har det ikkje vore. Så langt ser det ut til at dei tidlegare opningstidene dekker det tilbodet dei aller fleste foreldre har.

Er det då rett å prioritere å bruke 1,7 millionar på eit tilbodet det er lite behov for? Er det rett å bruke 1,7 millionar på å gje alle foreldre muligheit til å ha barn i barnehagen til kl. 17.00 når det ser ut til at det er berre er nokon få som treng det?

SV meiner at det er viktig å ha eit godt og trygt barnehagetilbod, men at å utvide generell opningstid er feil bruk av kommunale midlar.

Me står framfor krevande økonomiske prioriteringar, og det er varsla at Nord-Aurdal kommune må redusere drift med inntil 50 årsverk dei neste åra. Då er det heilt feil å utvide med noko det ikkje synest å vere behov for. SV meiner det er betre å satse på tilstrekkeleg bemanning innanfor den gamle opningstida, men kan opne for å vurdere om ein eller to barnehagar kan gje eit utvida tilbod.

SV kjem difor til å foreslå å sette av inntil 600.000 for å kunne gje tilbod i inntil to barnehagar, dersom det viser seg at det er eit permanent behov.