Berre E16 Filefjell er ope for fri ferdsel, men Vegvesenet melder om uvêr og redusert sikt her også.
Fjellovergangane fv. 53 Årdal–Tyin, fv. 50 Hol–Aurland og rv. 13 Vikafjellet er alle stengde.
Fyrst fredag klokka 13 vil det gjerast ny vurdering på om fjellovergangen mellom Tyin og Årdal skal opnast att. Overgangen vart like etter klokka 11 onsdag meld stengd grunna rasfare.
Det er generelt meldt noko mindre nedbør utover dagen onsdag, men meir vind – opp i stiv kuling på til dømes Vikafjellet.
På rv. 52 Hemsedalsfjellet var det tidleg på morgonen kolonnekøyring.
Like før klokka 7 melde Vegvesenet at det hadde gått eit stort snøskred i nærleiken av Storeskar på hemsedalssida som gjorde til at rv. 52 Hemsedalsfjellet vart stengd i fleire timar.
Ingen bilar vart tekne av skredet.
I 11-tida meldast det at vegen er åpent, men at det på kort varsel kan bli kolonnekøyring att.

Snøras over E16 vest for Ryfoss; rask opprydding sørget for alminnelig ferdsel etter en snau time
Nytt snøras over E16
