(Sogn Avis)

Som vanleg er det berre E16 over Filefjell som har fri ferdsel medan alle dei andre fjellovergangane til og frå Sogn er stengde eller har kolonnekøyring. Men merk at også her er det ruskete og det er fare for at det blir innført kolonnekøyring på kort varsel.

– Klokka 03:20 i natt sa dei at kolonnekøyring kunne bli innført på kort varsel, eg vil tru det har roa seg litt no kanskje. Me held kontakt med brøytebilsjåførane jamleg, seier Remi Lian, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen.

Slik ser det ut på fjellovergangane i Sør-Noreg torsdag morgon:

Rv. 13 Vikafjellet: Stengd. Ny vurdering fredag klokka 10:00.

Fv. 50 Hol – Aurland: Stengd. Ny vurdering fredag klokka 10:00.

Fv. 53 Tyin – Årdal: Stengd. Ny vurdering fredag klokka 15:00.

Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Kolonnekøyring.

Rv. 15 Strynefjellet: Stengd grunna fare for snøskred.

Rv. 7 Hardangervidda: Stengd. Ny vurdering klokka 10:00.

E134 Haukelifjell: Kolonnekøyring.

Elles melder vegvesenet at det har vore steinsprang ved Kolnostunnelen på Fv. 53 i Årdal. Eitt køyrefelt er påverka.

Mellom Hjellsmyri og Fardal på rv. 13 i Sogndal skal det vera asfaltarbeid mellom klokka 19:00 torsdag kveld og 06:00 fredag morgon. Det vil vera manuell dirigering.

Torsdag skal det også koma snø. I låglandet er det venta 10 til 20 centimeter snø på eit døgn, og i fjellet 30 til 50 centimeter. Det kan gje vanskelege køyreforhold.