Gå til sidens hovedinnhold

Uverdig debatt om koronavaksineringa

Når krubba er tom bitast hestane. Den pågåande debatten om koronavaksineringa er uverdig, men eit produkt av at det er for få vaksinar.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

Sniking. Usolidarisk. Ole Brumm-politikk. Reaksjonane etter at regjeringa ville prioritere inntil 500 vaksinedosar til samfunnskritisk personell i regjeringa, på Stortinget, Slottet og Høgsterett har vore harde og høglytte. I skyttarskiva for 125 kommuneoverlegar stod plutseleg landets nasjonalforsamling. Ikkje som øvste politiske organ, men kvar og ein som kunne koma til å få ei vaksine lenge før dei skulle.

Den siste vaksinedebatten har vorte ein skammeleg debatt. At den er lite gjennomtenkt av regjeringa, er ganske tydeleg. Fire statsrådar, inkludert helseminister Bent Høie, har takka nei til vaksinen, i tillegg til fleire partileiarar og framståande stortingspolitikarar.

Les også

Kommuneoverleger reagerer kraftig på at regjeringa prioriterer seg selv og stortingspolitikere i vaksinekøen

Plutseleg skårar ein politikar eit poeng ved å takke nei, ikkje ja, til vaksine mot korona. Det er det motsette av korleis det burde vera og må vera. Når politikarar melder om press til å takke nei eller om å grunngje offentleg kvifor dei takkar ja, er vi på ville vegar i vaksinedebatten.

Å hevde at Folkehelseinstituttet ikkje har tilrådd at politikarar blir prioriterte opp i vaksinekøen, held ikkje som argument. Det er grunn til å minne kommuneoverlegane om at regjeringa alt har lagt ein annan vaksinestrategi enn det FHI har tilrådd, til dømes i fordelinga av vaksinar mellom by og distrikt. Der FHI tidleg tilrådde ei fordeling som gjorde at sentrale strøk med høgt, langvarig smittepress fekk fleire vaksinar enn distrikta, har regjeringa heller prioritert at distrikta skulle få fleire vaksinar.

Les også

– Må nok øke kapasiteten på kveldstid framover

Kommuneoverlege Marit Tuv har eit godt poeng i at om stortingspolitikarane burde fått vaksinen før, om det er viktig som del av beredskapsstrategi. Ho poengterer også at det er fleire politikarar som no skal ut i valkamp, som ikkje sit på Stortinget. Det er gode og reelle innvendingar. Men prioriteringsdebatten har vore tøff og hard, og det kan verke som at regjeringa ikkje torde gjera prioriteringa før no, når store delar av risikogruppene faktisk har fått minst ein vaksinedose.

783.000 personar i Noreg er ferdigvaksinerte per no. Vi ligg til dels langt etter fleire land i Europa, men Noreg har også teke to vaksinar – AstraZeneca og Janssen – ut av det nasjonale vaksineprogrammet på grunn av alvorlege biverknader. Færre godkjende vaksinar gir færre vaksinedosar, som gir færre vaksinerte.

I løpet av juli skal alle over 18 år ha fått tilbod om fyrste vaksinedose. No gjeld det å halde ut, og ikkje skapa ein debatt der politikarar skammar seg over å takke ja til vaksine.

Kommentarer til denne saken