Han er ein filosof og forfattar som har skrivi fleire bøker om friheit og menneska si friheit til å velje, og at desse vala bestemmer kven du er. Han har her ein analyse av antisemitten (jødehataren). Han summerer opp slik:

«Nå er vi i stand til å forstå han, antisemitten er mennesket som er redd. Ganske visst ikke for jødene: for seg selv, for sin egen samvittighet, for sin frihet, og sine instinkter, for sitt ansvar, ensomheten, forandring, og samfunnet og for verden: For alt, unntatt jøden. Han er feig, og vil ikke innrømme det».

Sartre har ei lang lekse med liknande beskrivingar: Viss vi ikkje kan hjelpe jøden til å få fleire rettar i samfunnet, kan konflikten bli katastrofal, meiner Sartre. Denne boka til Sartre er frå 1963. (Han vart tildelt Nobels litteraturpris året etter).

I 2009 skreiv eg eit lite stykke i avisa Valdres om fredskonferanse i Oslo. Jelena Bonner var invitert av Tor Halvorsen, president for konferansen. Ho minnest då ho i 1975 henta Nobels fredspris for mannen sin, Andrej Sakharov. Han fekk fredsprisen for sin kamp for menneskerettane i Sovjetunionen, og sin aktivisme for nedrusting og internasjonalt samarbeid. Ho konstaterer at det er stor auke i antisemittisme dei siste ti åra.

Denne konferansen var mest ikkje nemnd i TV eller dagsavisene. Eg fekk greie på at konferansen hadde vore, tre månadar seinare. Eg meiner utviklinga har gått i mykje i negativ retning, også etter den tid.

No er det oppslag mest kvar månad, der aktivistar påpeikar rapportar med store manglar og gale påstandar som må rettast, og nokre av det verste blir retta. I år gjekk fredsprisen til menneskerettsforkjemparar frå Belarus og Ukraina. Sakharov var med og grunnla ein av organisasjonane dei jobbar i.

Med 60 år tilbakegang, kor nære er vi då den katastrofen som Sartre åtvara om? Og kor mange må ville eit nytt samfunn som tek vare på alle?