Fotballgutta rydda opp langs Fasle

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Er du ein av dei som har blitt møtt av søppelposar og rustne metalldelar i veggrøftene langs Fasle og Fløafjorden i desse dagar? Her kjem forklaringa.

DEL

LEIRA: Valdres Natur- og kulturpark har fått innvilga midlar frå Plastreturs Miljøprosjekt til å rydde opp langs dette området, og har saman med Valdres FK og Naturvernforbundet fullført ein av to dagar med å samle opp søppel.

Valdres Kommunale Renovasjon har sagt seg villige til å hente ut oppsamla søppel gratis.

Grisa til i ei årrekkje

Kenneth Østgård i VNK har i fleire år sett seg lei på all søpla som ligg i dette området, og rydda på eige initiativ 200 kg søppel over ei periode i fjor. Saman med gjengen frå Valdres FK henta dei ut ca 400 kg berre denne eine dagen av prosjektet.

Det virkar som om folk bevisst har dumpa søppel her, og det skal vel ikkje væra nødvendig når miljøstasjonen på Rebneskogen kan ta i mot avfall gratis, seier Østgård.

Fasle-området er godt besøkt av skuler, barnehagar, mosjonistar og fiskarar i alle aldersgrupper store deler av året. Det er også nylig skilta ein eigen kultursti i området i regi av Oppland fylkeskommune. Gapahuk og bålplassar finn du også her.

– Lokalbefolkninga på Fagernes og Leira er storforbrukarar av dette friluftsområdet, og vi håpar det no blir trivelegare for alle å ferdast her, seier Østgård.

Fint å få bidra

Dei fire A-lagsspelarene frå Valdres FK fekk ein utendørsdag saman, og var i godt humør. Dugnaden sammen med Valdres Natur- og Kulturpark er eit resultat av ei avtale dei imellom.

– Eg likar godt å være ute og jobbe fysisk, så dette er berre morro å delta på. Men det er utruleg kva folk får seg til å slenge ut i naturen, sa George Milner.

Med seg frå laget har han Rafael Veloso, Charlie Abrahams og Dan Mönell.

George Milner og Charlie Abrahams frå Valdres FK i aksjon.

George Milner og Charlie Abrahams frå Valdres FK i aksjon. Foto:

Haldningskampanje

Ein annan del av prosjektet er å få opp informasjonsskilt for å unngå at folk fortsetjer å dumpe søppel i området.

– Vi håpar å få opp tavler som gjer at vi slepp dette problemet framover. Alt frå småstrenge formaningar til vennlege råd og tips om kor ellers du kan kvitte deg med avfall. Det er og diskutert om det skal setjas opp overvakningskamera, om det skulle bli nødvendig, seier Østgård.

– Alt i alt håpar me at haldningane til folk endrast, og at alle tek ansvar for å halde dette området fint og triveleg framover. At dei tøffe karane frå Valdres FK er med på dette, gjev ei flott signaleffekt, meiner han.

Artikkeltags