Kongevegen gjennom Valdres før 1900

Fotografen Knud Knudsen (1832–1915): Reiste fleire gonger gjennom Valdres mellom 1871 og 1900. Dette
biletet er frå 1871 og er tatt mellom Øylo og Stee.

Fotografen Knud Knudsen (1832–1915): Reiste fleire gonger gjennom Valdres mellom 1871 og 1900. Dette biletet er frå 1871 og er tatt mellom Øylo og Stee. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

På Valdres Folkemuseum opnar ny utstilling denne veka. Ho handlar om Kongevegen gjennom Valdres før år 1900. Vi skal tilbake til ei tid før bilen kom, men samstundes ei tid då verda kom nærare enn før.

DEL

Fagernes: Vegen mellom Kristiania og Bergen gjekk frå gamal tid gjennom Valdres. Dette var ridevegar som gjekk frå gard til gard, og dei som brukte vegen rei eller gjekk til fots.

Vegbygging og vedlikehald

På 1600-talet bestemte Kongen at gamle allfarvegar i Noreg skulle forbetrast. På 1760-talet vart vegane utbetra i Slidre og på 1790-talet vart det laga køyrbar veg over Filefjell. Seinare vart det bygd ny veg i Etnedal, over Kvamskleive i Vang og gjennom Begnadalen. Postvegen frå hovudstaden til Bergen gjekk gjennom Valdres frå midt på 1600-talet til Bergensbanen vart opna i 1909. Langs vegen vart det sett opp ulike merkesteinar og skilt, som mellom anna viste avstand til Odnæs og kor bøndene hadde vedlikehaldsplikt. Ein del av desse står framleis att som kulturminne langs vegen, medan stolpar laga av tre for lengst er borte.

Skyssing og handel

Vegen gjennom Valdres fekk stor betydning. Bøndene vart pålagd skyss- og vedlikehaldsplikt. Det innebar mykje arbeid, men også inntekt og impulsar utanfrå. Vegen var også ein handelsveg som vart nytta både av Valdres-bønder og tilreisande kremmarar. Frå 1500-talet til 1876 drog valdrisane over fjellet til Lærdal der dei bytte til seg særleg salt og sild. Mange også drog også til Kristiania og Bragernes (Drammen). Lenge var det strenge vilkår for å drive handel på bygdene, og ikring 1800 var det berre to landhandlarar i Valdres. Utover 1800-talet vart handelen gradvis frigjeven, og det kom landhandlarar til alle Valdres-bygdene. Folk på farten trengte mat og overnatting, og det kom mange skysstasjonar langs vegane. Nystøga på Filefjell er den eldste vi kjenner til. I Valdres har det truleg vore til saman førti skysstasjonar gjennom tidene.

Kven brukte vegen?

Lenge såg borgarskapet på folkekulturen som eit historisk vrakgods i utviklinga av det moderne. Utover 1800- talet endra denne haldninga seg. Den nasjonale kulturen skulle byggjast på tuftene av urørt natur og folkeleg kultur. Landskap, folkedrakter og byggjeskikk vart dokumentert. Segner, folketonar og språk vart samla inn. Johan Christan Dahl kom og måla mange nasjonalromantiske bilete i Valdres, mellom anna frå Hjelle i Vestre Slidre og frå Filefjell. Han engasjerte seg i bevaringa av stavkyrkja i Vang. Domorganisten Ludvig Lindeman samla inn over 700 folketonar i Valdres. Han hadde nær kontakt med særleg Andris Eivindsson Vang og han var interessert i langeleiken. Den finsk-svenske landoppmålaren Wilhelm Carpelan drog gjennom Valdres i 1819, på oppdrag frå svenskekongen. Han laga ei rekke landskapsbilete frå Aurdal i sør til Filefjell i nord. Bileta hans er av dei eldste landskapsbileta frå Valdres og dei fleste av desse blir vist i utstillinga. På same tid reiste Johannes Flintoe gjennom Valdres. Han dokumenterte korleis folk kledde seg til bryllaup, kvardag og fest i Slidre og Vang. Fotografen Knud Knudsen reiste fleire gonger gjennom Valdres mellom 1871 og 1900, og tok fleire hundre bilete. Han dokumenterte den norske naturen, men var like oppteken av å tene pengar på sal av foto av hotell, fjelltoppar og kvinner i nasjonaldrakt.

Verda kom nærare enn før

Med vegen kom også turistar, og då særleg for å gå i fjellet. Frå England kom lordar og andre storfolk, frå byar som Kristiania og København kom studentar og kunstnarar. Vegen førde også ut av bygda. Den fyrste tida reiste svært mange frå øvre Valdres via Filefjell og Bergen. Etter kvart drog dei fleste med båt frå Drammen eller Kristiania. Truleg utvandra ikring 17 000 valdrisar til Amerika mellom 1836 og 1940. Deler av vegen er skilta, rydda eller restaurert dei seinare åra, og er fine vandrevegar både for fastbuande og tilreisande. Ved Valdresmusea håper dei at denne utstillinga kan gje folk ny kunnskap og ei kjensle av Valdres på 1700- og 1800-talet. Utstillinga opnar 13. juni 2018 og er open for publikum i lang tid framover.

Artikkeltags