Gerhard Munthe i Valdres

Gerhard Munthe: «Friere», 1892.

Gerhard Munthe: «Friere», 1892. Foto:

Torsdag 10. oktober kjem Jan Kokkin til Valdres Folkemuseum for å fortelja om kunstnaren Gerhard Munthe (1849-1929) og hans arbeid, mellom anna frå studieturar til Valdres.

DEL

FAGERNES: Munthe er kanskje mest kjend for dekorkunsten og illustrasjonane til norske folkeeventyr og folkeviser, men han har òg laga mange landskapsmåleri, mellom anna med motiv frå Valdres.

Jan Kokkin har skrive bok om Gerhard Munthes dekorative kunst og kallar han ein designpioner. Kokkin er frilans kurator, kunstkritikar og forfattar. Han er mag.art. i kunsthistorie frå Universitetet i Oslo og har i mange år vore kunstkritikar i Dagens Næringsliv og Morgenbladet. I tillegg var han dagleg leiar for Kunst på Arbeidsplassen fram til 2009. Kokkin har gitt ut biografiar om målaren Eilif Peterssen og bilethoggaren Mathias Skeibrok.

Det er Vennelaget for Valdres Folkemuseum og Valdresmusea som arrangerer foredraget. Munkekroen er open fram til foredraget begynner.

Artikkeltags