Terje Aarset kjem til Valdres Folkemuseum for å fortelja om den nynorske songskatten

I samband med Bokåret 2019 tek Terje Aarset, Sigrun Bjørgo og Gyda Grøndalen oss med på ei vandring gjennom den nynorske songtradisjonen, gjennom foredrag, allsong og solosong.

I samband med Bokåret 2019 tek Terje Aarset, Sigrun Bjørgo og Gyda Grøndalen oss med på ei vandring gjennom den nynorske songtradisjonen, gjennom foredrag, allsong og solosong. Foto:

I samband med Bokåret 2019 tek Terje Aarset, Sigrun Bjørgo og Gyda Grøndalen oss med på ei vandring gjennom den nynorske songtradisjonen, gjennom foredrag, allsong og solosong.

DEL

FAGERNES: Torsdag 26. september kjem Terje Aarset til Valdres Folkemuseum for å fortelja om den nynorske songskatten. Han inviterer også publikum til å bli med og synge, og Sigrun Bjørgo trakterer flygelet. Gyda Grøndalen leier allsongen og syng solo. Terje Aarset, professor i norsk språk ved Høgskulen i Volda, har skrive boka Den nynorske songskatten. I samband med at vi feirar 500-årsjubileet for boka i Noreg, er det naturleg å dra fram songbøkene. Dei har gjort sitt til at songar som «Blåmann», «Fagert er landet», «Den fyrste song», «Mellom bakkar og berg», «Det lyser i stille grender» og «Mitt bu, min heim» stadig lever i medvitet vårt.

Ivar Aasen såg kor viktig det var at nynorsken vart eit bruksspråk for folk flest. Noko av det fyrste han laga, var difor nynorske songar som folk kunne lære seg utanåt. «Mellom bakkar og berg» er stadig ein av dei mest kjende og folkekjære songane i Noreg.

Arrangementet er ei markering av Bokåret 2019, som er ei nasjonal feiring av boka, lesinga og lesarane, og ei markering av at det er 500 år sidan dei to fyrste bøkene vart trykte i Noreg. Det er Valdresmusea og Nord-Aurdal Mållag som arrangerer kvelden, i samarbeid med Nynorsk kultursentrum.

Artikkeltags