Den store kledebytedagen kjem til Valdres Folkemuseum

– Kledebytte er eit hyggeleg og enkelt miljøtiltak, og eit godt alternativ til shopping, seier One Enerud, tilsett ved Valdresmusea.

– Kledebytte er eit hyggeleg og enkelt miljøtiltak, og eit godt alternativ til shopping, seier One Enerud, tilsett ved Valdresmusea. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Sundag 7. april arrangerer Valdresmusea kledebytedag på Valdres Folkemuseum – for deg som vil fornye klesskåpet på ein miljøvenleg måte.

DEL

Fagernes: Her kan du bytte vekk gamle skattar du ikkje lenger bruker – og få nye favorittar i retur.

Samstundes arrangerer Nord-Aurdal husflidslag påskeverkstad for heile familien.

– Vi vil gjere det lettare å ta miljøvenlege val i kvardagen, og kledebytedagen er noko alle kan vera med på, seier Janne Gillgren i Naturvernforbundet.

Janne er prosjektleiar for Den store kledebytedagen, og ho vonar at dagen kan bidra til at kvalitet og gjenbruk blir lettare enn å kjøpe nyproduserte klede.

– Forbruket vårt av klede bidreg til eit enormt miljøfotavtrykk. I Noreg importerer vi klede som aldri før, og det blir brukt tusenvis av liter vatn for å produsere berre ei t-skjorte! Ved å bytte reduserer vi behovet for å kjøpe nye klede, og slik minskar vi både ressursforbruket og forureininga vår. Viss alle nordmenn bytta til seg tre plagg i året, i staden for å kjøpe nytt, ville vi kutta like mykje CO₂ som om alle bileigarar i Noreg hadde latt bilen stå i fem dagar, seier Gillgren.

Byttekonseptet er enkelt: Finn fram opp til sju heile og fine plagg frå bakarst i klesskåpet. For kvart plagg du har med deg får du ein kupong du bruker til å bytte til deg eit nytt plagg som du faktisk har lyst til å bruke. Innlevering av klede skjer til museumsbutikken på Valdres Folkemuseum 1.–5. april kl. 12.00-15.00, ev. torsdag 4. april kl. 16.00-19.00.

– Kledebytte er eit hyggeleg og enkelt miljøtiltak, og eit godt alternativ til shopping, seier One Enerud og Solveig Strand, som er tilsett ved Valdresmusea og Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

Samtidig som kledebytefesten inviterer museet til påskeverkstad for heile familien. Påskeverkstaden er det Nord-Aurdal husflidslag som står for. Open kafé og gratis inngang! Valdres Folkemuseum, sundag 7. april.

Artikkeltags