Forsterka gåve til Valdresmusea

Peisestogo fikk lagt nytt torvtak i høst. I juni 2017 ble den heist på plass på ny tørrmur på Valdres Folkemuseum.

Peisestogo fikk lagt nytt torvtak i høst. I juni 2017 ble den heist på plass på ny tørrmur på Valdres Folkemuseum. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Vennelaget for Valdres Folkemuseum har gitt ei gåve på kr 100 000 til Valdresmusea, og Kulturdepartementet har plussa på gåva med 25.000.

DEL

Valdres: Med basaren under Skarka 2. desember runda Vennelaget for Valdres Folkemuseum 100.000 kroner på kontoen, og dermed kunne laget gi det i gåve til Valdresmusea for 2018. Valdresmusea kunne då søkje Kulturdepartementet om gåveforsterkingsmidlar på ein fjerdedel av gåvesummen, ei ordning museum og andre kunst- og kulturformål kan søkje på når dei får gåver på minst 100.000 kroner.

No i romjula kom meldinga om at Valdresmusea får ei gåveforsterking på 25 000 kroner. Sidan 2006 har Vennelaget for Valdres Folkemuseum gitt til saman kr 762 000 til ulike formål ved Valdres Folkemuseum.

I år går pengane til å setja i stand Peisestogo, huset som Lage Fosheim fekk sett opp framfor Fagernes hotell. Valdres Folkemuseum vart skipa i det huset i 1901, og huset har stått fleire stader før det kom til Valdres Folkemuseum i 2017. I tillegg til basarinntekter på ca. 58 000 kr fekk Vennelaget inn gåver frå medlemmer, grasrotmidlar og inntekter frå sal av oppskriftsheftet som laget har utarbeidd. Det gav til saman kr 102 500 på kontoen til laget på slutten av året.

Artikkeltags