Skarke på Valdres Folkemuseum

Skarke på Valdres Folkemuseum

Skarke på Valdres Folkemuseum Foto:

Av

Tida før jul blir kalla skarke i Valdres. Då førebus det til jul med bakst og rundvask. På Valdres Folkemuseum tennes fjøslyktene, kokast kaffi og det blir stelt i stand til god, gamaldags førjulstid. I år skjer det for 24. år på rad, alltid første sundag i desember.

DEL

Fagernes: Det er kjent frå folketradisjonen at ein skulle spara både på mat og klede i tida før jul, men ein slik tankegang er nok fjern for folk flest i overflodssamfunnet vårt her til lands. Valdresmusea er opptekne av å legge til rette for møte mellom generasjonar. Dei vil vere ein møteplass for minne, der folk kan dele og søke kunnskap. På skarka kan ein sjå koking av einerlåg, smiing, demonstrasjon av lefsebakst, trearbeid og dei nesten gløymte teknikkane firfletting og filering. Ein kan og sjå nokre av dei gamle julepynta kristneteppa frå museumssamlinga. Barn i alle aldrar kan støype lys, lage julepynt, papirstjerner, peparkaker og sopelime. Det blir også forteljingar, kanefart og lyd av dombjeller. Den tradisjonsrike vennelagsbasaren blir arrangert i festsalen. Munkekroen er open heile dagen.

Sal av lokale mat- og handverksprodukt

I år blir det sal av julebakst, vilt, rakfisk, sylte, kurv, ost, drops, honning, såpe, keramikk, treak, fugleband, bøker, musikk og arbeid av halm, jarn, tre, tekstil og sylv. Fleire lokale mat- og handverksprodusentar sel frå gapahukar ute på tunet og i nokre av dei gamle husa, og museumsbutikken er open. Her skulle det vere store moglegheiter for å kjøpe mat til juleselskapa og gåver under treet.

Godt samarbeid

Lokale handverks- og matprodusentar, Vennelaget for Valdres Folkemuseum, Valdresmuseas eigne tilsette og fleire titalls frivillige er med å skape Skarke på museet.

Skarke:

  • Tida før jul vart kalla skarke i Valdres. Då førebudde ein seg til jul.
  • Skarke betyr fattigsleg tilvere, ein tid då ein har det knapt og trongt som i dagane før jul - i motsetnad til sjølve jula.
  • I fjor besøkte 700 museet under skarka.
  • Alltid første sundag i desember.

Artikkeltags