Gå til sidens hovedinnhold

Valdres-kommunen har hatt høgare smittetrykk enn Oslo dei siste par vekene – innfører ny mellombels koronaforskrift

Smittetalet for Vestre Slidre kommune ligg veldig høgt med 424,5 registrert smitta per 100.000 siste 14 dagar. Til samanlikning har Oslo kommune 415,2 registrert smitta per 100.000 siste 14 dagar.

VESTRE SLIDRE: Dette står skriven i ei pressemelding frå kommunen, som vart sendt ut torsdag kveld.

Måndag vart 6,7 prosent av befolkninga i kommunen testa, og over 20 prosent vart sett i karantene og ventekarantene. Dette har særleg påverka skulen sine tilsette og elevar med familiar, heiter det vidare. Så langt i april er 9 personar bekrefta smitta av covid-19 i Vestre Slidre.

To meters avstand

I pressemeldinga vert det opplyst at Vestre Slidre kommune, i lys av situasjonen, innfører ein ny mellombels forskrift om førebygging av koronasmitte med verknad frå og med 16. april til og med 2. mai.

At ein skal halde to meter avstand, bruke munnbind der ein ikkje kan halde to meters avstand og forbod mot innandørs arrangement, med unntak av kyrkje og bibliotek, er hovudtrekka i forskrifta.

Raudt nivå

Både barnehagane og skulen vil frå fredag verte sett til raudt nivå. Det vil vere heimeundervisning for fjerde til tiande klasse til og med 22. april, i samband med at fleire elevar og tilsette er i karantene i kommunen. Barnehagane vil få redusert opningstid i denne perioden.

– Vi meiner å ha oversikt over utbrotet og smittevegar, men omfanget er framleis uvisst. Smittesituasjonen er vedvarande med dagleg testing og smittesporing, står det i pressemeldinga, signert ordførar Haldor Ødegård.

Kommentarer til denne saken