Mållaget innbyr til skrivekonkurranse

Valdres Mållag inviterer til skrivekonkurannse i år òg. Her er eit gjensyn med vinnarane frå 2014:  Live Hafton Kluftødegård, Lillian Randby, Dawid Wojcicky, Patrick Kvale og Håkon Berge.

Valdres Mållag inviterer til skrivekonkurannse i år òg. Her er eit gjensyn med vinnarane frå 2014: Live Hafton Kluftødegård, Lillian Randby, Dawid Wojcicky, Patrick Kvale og Håkon Berge. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Valdres Mållag innbyr til skrivekonkonkurranse slik det har vore tradisjon for sidan 1989. Tema i år er Grantreet, Heimstaden min i 2050 og Blogg: Ein vanlig dag i livet mitt.

DEL

VALDRES: - Oppgåvene vart sende til grunnskulane i haustsemesteret, og dette er ei påminning. Vi vil understreke at elevar som ikkje har fått kjennskap til oppgåvene på skulen, er likevel velkomne til å delta, melder Reidun Dølehuset.

Oppgåvesvara skal vera på nynorsk. Det er viktig at namn, klasse og skule er notert saman med svara. Alle deltakarene får diplom.

Dei tre beste i kvar gruppe blir inviterte til årsmøtefesten på Solhaug den 18. feruar kl. 1800. Då blir det gjort stas på dei med pengepremiar.

Tre ulike sjangrar

For småskuletrinnet er sjangeren forteljing.

Tema: Du er eit grantre.

Kvar står du? Korleis opplever du dei ulike årstidene? Skjer det uventa ting med deg i løpet av livet ditt? Bruk overskrifta: Grantreet.

For mellomtrinnet er sjangeren framtidstankar.

Tema: Korleis trur du det ser ut i ditt lokalsamfunn i 2050?

Du kan til dømes skrive om naturen, husa, kjøretøya, tekniske oppfinningar eller ein heilt vanleg dag for deg i 2050. Bruk overskrifta: Heimstaden min i 2050.

For ungdomstrinnet er sjangeren blogg.

Tema: Lag deg ein profil som bloggar.

Skriv eit blogginnlegg om ein vanleg dag i livet ditt. Bruk overskrifta: Blogg.

Send oppgåvesvaret ditt til juryen ved Reidun Dølehuset, Åbjørsvegen 101, 2910 Aurdal innan 25. januar.

Artikkeltags