Bønder inviterer ungdom på kurs

Bondekurs: Arnfinn Beito vil gje ungdom ein sjans til å bli bedre kjent med bondelivet.

Bondekurs: Arnfinn Beito vil gje ungdom ein sjans til å bli bedre kjent med bondelivet. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Slidre Sau og Geit har sett i gang eit viktig arbeid for å gje ungdom tilbod om praksis innan gardsbruk. Denne våren held dei kurs i gjeterhund, lamming og traktor, og Ung i Valdres har teke initiativet gledeleg i mot.

DEL

Valdres: – Dette hadde vi gått og tenkt på lenge, men endelig fekk vi satt idèen ut i livet denne vinteren, fortel Arnfinn Beito.

Det var under årsmøtet i februar at han og Eirik Kolbjørnshus bestemte seg for å kontakte Ørnulf Dyve frå Ung i Valdres for å høyre om han ville bistå med å nå ut til dei som kunne være interessert i å bli kjent med diverse sider ved bondelivet.

– Vi sette opp eit informasjonsmøte på den videregåande skulen på Leira, og 38 ungdommar møtte opp for å høyra kva dette gjekk ut på. No har en god del av dei meldt seg på dei ulike kursa og datoene vi har lagt opp utover våren, fortel Arnfinn Beito.

– Gåvepakke til ungdommen

Ørnulf Dyve frå Ung i Valdres set veldig pris på initiativet frå Slidre Sau og Geit og kallar opplegget ei «gåvepakke».

– Vår jobb er å skapa aktivitet og gje eit breitt tilbod til dei unge, og at bøndene her sjølv strekkjer ut ei hand for å nå nettopp dei same måla, er eit veldig flott tiltak. Vi registrerte også at tilbodet fenga mange ungdommar som ikkje har direkte kontakt med landbruk i dag, og at desse får eit innsyn i bondelivet trur vi vil gagne både bøndene og dei sjølve, seier Dyve.

Meistring og fellesskap

I valdres er bøndene i snitt 55 år og landbruket har hatt sine utfordringar dei siste tiåra. Bøndene ynskjer no å vise dei unge korleis kvardagen i dette yrket er, og håpar å fenge dei med interesse for levande vesen og fellesskapet i ein jorbruksregion.

– Målet er at terskelen skal være låg for dei som er nysgjerrige på denne næringa, og at dei skal få delta på ulike aktivitetar og skaffe seg ei praktisk erfaring som alltid ser bra ut på ein CV, uansett kva slags yrkesveg du vel til slutt. Å innlemme dei unge i det fellesskapet bøndene har rundt sanking, gjeting og klypping av sau håpar vi vil væra nyttig læring, både av praktisk og sosial art, seier Beito.

Kursrekka

Kursa er gratis og dei fyrste datoane er satt, men ved rask henvendelse kan du fortsatt melde deg på ved å sende ein epost til arnfinnbeito@hotmail.no. Då får du beskjed om oppmøte, transport og svar på eventuelle spørsmål.

4.april: Gjeterhundkurs hjå Arnfinn Beito i Skammestein (Med deltaking her får du óg tilbod om å delta gratis på ei kurshelg med to instruktørar i august)

11. april: Lamme/hygienekurs ved veterinær Liv Marit Gudheim. Dette foregår i auditoriet på Valdres vidaregåande skule kl. 15:30.

Innan sumaren vil det bli halde traktorkurs og til hausten kan ungdommen bli med på klypping av sau. Dei to siste datoane blir fastsett om kort tid. Samarbeidet mellom Slidre Sau og Geit og Ung i Valdres er støtta av Nortura og Valdres Natur- og Kulturpark.

Tiltaket har fått oppmeksemd i Oppland Sau og Geit, og målet er å få tilsvarande initiativ opp på nasjonalt nivå.

Artikkeltags