Fredag opnar den 1,8 kilometer lange tunnelen gjennom den svært belasta Kvamskleiva i Vang.

På i underkant av to år er det bygd 5,4 kilometer med ny tunnel og dessutan veg mellom Ala og Synshagen.

Den absolutte verste og farlegaste strekninga på E16 gjennom Valdres er med dette eliminert.

Dette kjem i tillegg til den andre utbetringa av E16 gjennom Vang og Vestre Slidre som framleis går føre seg.

Det er også berre få år sidan Rødølstunnelen i Øye vart opna og lagt utanom dørhellene i Øyegrenda.

Nokre år før det att sto Filefjelltunnelen mellom Tyinkrysset og Kyrkjestølane klar saman med resten av E16 vestover.

Valdres og i dette høvet Vang, har vore særs heldige. Det har også Sør-Aurdal vore, som over ein periode vart sikra ny vegstandard på E16 gjennom nesten heile kommunen for nokre år tilbake.

No er det Vang sin tur.

Dei har når det kan gjerast opp status, verkeleg fått i pose og sekk av storsamfunnet.

Å få vegmidlar er ikkje noko sjølvsagt. Det ligg mange års venting og kamp bak kvar meter med veg og kvar million som har vorte utløyst.

I Norge er det gjerne slik at det må gå liv før løyvingane kjem på banen. Alle bygder, byar, kommunar, fylke og landsdelar i Norge har ein vegstrekning å kjempe for. Gjerne også fleire.

Og sanneleg kan det til tider opplevast at det går seint, men det blir fort gløymt når pengane kjem og prosjekta i tur og orden kan realiserast.

Forståeleg nok går pengane dit trafikken er størst, men samstundes er Norge eit spesielt land med grender, distrikt og landsdelar som må bindast saman.

Vegane er avgjerande for at det skal bu folk her og for at næringslivet skal ha vekstvilkår. Bortsett frå nokon svarte flekkar er riksvegnettet i Valdresregionen godt rusta.

No er det fylkesvegnettet som representerer dei største utfordringane. La oss ta med det når Valdres endå ein gong skal markere sluttføring av nok ei vegsatsing.

La oss også minne om at det var eit «smotthol» med ein pott med rasmidlar som gjorde dette siste prosjektet mogleg.

Av dette er det minst to lærepunkt for seinare: Kommunen låg i framkant med å regulere ferdig strekninga, slik at eventuelt vegarbeid kunne starte opp fort om pengane kom. Det vart avgjerande denne gongen.

Det andre er at behovet for ei oppgradering, og ein tunnel var grundig dokumentert gjennom registreringar, aksjonar og markeringar over mange år. Her har mange i Vang og Valdres spelt ei viktig rolle.

Det er ikkje mogleg å kvile på sine laurbær. Sigrar må avløysast av nye kampar, og slik fortonar det seg også i veg-Valdres.

Fyrst og fremst gjeld det å få sluttføre den siste parsellen i Vestre Slidre, få fram pengar til dette alt no i statsbudsjettet. Så kjem neste store tiltak, med å sikre ei god løysing for omkøyringsveg utanom Fagernes sentrum.