13. juni blir det Valdres Pride

FOLKEFEST: Leder Ragnhild Lund og styremedlem Emilie Ødegaard Sæthre i det nykonstituerte Valdres Pride.

FOLKEFEST: Leder Ragnhild Lund og styremedlem Emilie Ødegaard Sæthre i det nykonstituerte Valdres Pride. Foto:

No er det sikkert at det blir Pride i Valdres. Styret har konstituert seg og arbeidet tek til fram mot det aller første regnboge-arrangementet i Valdres, laurdag 13. juni 2020.

DEL

VALDRES: Det skriv styret i Valdres Pride i ei pressemelding.

– Vi har hatt fleire konstruktive idémøter i haust, og no har vi fått på plass eit styre som gler seg til å ta fatt, fortel nyvalt leiar Ragnhild Lund.

Mange distrikt har allereie etablert eigne Pride-arrangement med stor suksess. Ragnhild Lund meiner det er udelt positivt for Valdres å markere seg som eit ope og inkluderande samfunn også for dei skeive.

– Den grusomme hatkriminaliteten mot LHBTIQ-personar og andre minoritetar rundt om i verda er noko vi må kjempe imot. Om vi teier stille, så har mobbarane vunne, og det er ikkje det Valdres eg kjenner. Vi har så mykje å vera stolte over i Valdres. Vi må vise at vi også er stolte over det menneskelege mangfaldet vårt, seier ho.

Den store månaden

Datoen er sett til laurdag 13. juni. Dette er den store Pride-månaden.

– Vi har per no ingen økonomi til giga-stjerner og glam. Difor er styret på jakt etter frivillige, sponsorar og andre bidragsytarar om dagen, fortel Lund.

Tida fram til sumaren blir kort og hektisk. Ein veit aldri kor stort eit slikt arrangement kan bli, og Lund innser at det er tida og vegen. Håpet er at både kommunar, næringsliv og organisasjonar vil bidra på ulike måtar.

– Vi riggar oss for ein enkel struktur i år. Det blir eit regnbogetog gjennom Fagernes og ei markering på skiferplassen, seier Lund.

Styret håpar og trur at arrangementet vil få brei støtte både politisk og privat, og at dette blir noko ”alle” tek eigarskap til.

– Vi lever i eit samfunn som prøver å inkludere alle, men til sjuande og sist er det mor og far sine haldningar som barn og unge lyttar til. Det er så viktig at vi alle tek eit standpunkt som gjer det lett for dei unge å akseptere ulikskap hjå seg sjølv og andre. Pride kan bidra til at ein ikkje kjenner seg åleine. Eg håpar folk går mann av huse, uansett kva for legning ein har, seier Lund, som oppmodar om å ta med familie og naboar, kollegaer og vener til markeringa.

Dialog

Styret ynskjer vidare å gå i dialog med både skular, fritidsklubbar, kyrkja og festivalane i Valdres.

– Om nokon brenn inne med gode idear, så er det berre å melde frå. Vi treng mange hender, så det er berre å kaste seg på og bli med på festen, oppmodar Ragnhild Lund.

Dette er det nyvalde kvinnesterke styret:

Ragnhild Lund, Anita Grønbrekk, Ingebjørg Blomlie Müller, Emilie Ødegaard Sæhtre, Anne Svendsen Hovrud og Sara Marie Granheim.

Artikkeltags