Kronikk Dette er ein kronikk, skrive av ein ekstern bidragsytar. Kronikken gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Kommunane må spørje seg sjølve om kva dei vil med dette landskapet. Vil dei bevare eit ope, levande stølslandskap som produserer mat – som nyttar rikdomen?
Nibio (Norsk institutt for bioøkonomi) har beitekartlagt kring 850 km2 utmarksareal i Nord-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre og Vang. Beitekvalitet heng saman med berggrunn og topografi og grad av kultivering, og varierer ein god del i området. Delar av utmarksbeitet i øvre Valdres er av svært høg kvalitet – noko av det beste i Sør-Noreg. Likt for alle kommunane er at store delar av beiteressursane står unytta. For mange gardar er utmarksbeitet svært viktig i gardsdrifta, da dei har lite dyrka mark og denne må nyttast til produksjon av vinterfôr.
Valdres har store skoglause areal som ligg under den klimatiske skoggrensa. I både Øystre og Vestre Slidre utgjer dette nesten 25 prosent av kommunearealet. Desse snauareala er eit gamalt haustingslandskap, ein arv etter tidlegare generasjonars langt sterkare utmarksbruk. Forfedrane våre hogg tre og reiv brisk, dvergbjørk og vier. Alt som kunne brenne vart nytta for å halde liv i ystegryta. Når ein riv opp kratt slepp lys og varme ned i undervegetasjonen. Det gjev gode veksetilhøve for gras.
I dag er ystinga for det meste lagt ned. Beitedyra er der framleis, men er færre og er der kortare tid. No veks bjørkeskogen opp kring stølane, og grana breier seg innover fjellviddene.
Beiteverdien blir redusert. Men det er ikkje berre skogen som inntek fjellet. Når beitetrykket går ned skjer det òg endringar i markvegetasjonen der dyra før åt og trakka. Mindre trakk i den frodige engskogen gjer at høge urter som skogstorkenebb og tyrihjelm veks opp og skuggar ut grasbotnen. Dette er ikkje gode beiteplanter.
Ragnhild har kartlagt over 700 kvadratkilometer: – Det viktigste redskapet mot gjengroing er beitedyra våre
På stølsnære areal gror beitevollar att med einer. I dei lågare delane av fjellet veks vier tett i høgstaudeengene og kratt av dvergbjørk og einer inntek risheia. Denne tilgroinga gjer at det blir mindre framkomeleg, og at dyr finn lite beite i undervegetasjonen. Då vil storfe ty meir ut i myrene, og sau trekkjer lenger opp i fjellet der planteproduksjonen er låg slik at beitetrykket fort kan bli for høgt.
Av dette skjønar ein at utmarksbeitet må skjøttast om landskapet sine eigenskapar for fôrproduksjon skal haldast ved like. Beiting er skjøtsel, men beitedyra greier det ikkje åleine. Ein må derfor også inn med andre tiltak som hogst av tre og rydding og knusing av kratt. Uansett kva tiltak ein set inn må ein ha beitedyr i etterkant for å halde oppslaget av tre, busker og høge urter nede.
God kultivering får ein best ved fleire dyreslag. Sau kan beite vekk bjørkerenningar og til ein viss grad halde tregrensa nede, men storfe et grøvre planter og har sterkare trakkverknad og kultiverer såleis frodige areal betre. Beiting med rein held òg bjørk og vier tilbake. Best av alle er geita, men da må ein ha mange.
Beitedyr i fjellet produserer meir enn mat – dei skapar òg ope landskap og eit særeige biologisk mangfald av planter, sopp, insekt og mikroliv i jordsmonnet. Forsking frå Hol viser at det òg er meir fuglar i beitelandskapet. Ei utfordring er at attgroinga av fjellet og stølslandskapa skjer over store areal. Samstundes har landbrukspolitikken i lang tid gjeve låg lønsemd i den einaste reiskapen ein har for å ta vare på desse store opne areal – ei levande beitenæring. Einskilde gardbrukarar kan gjera noko skjøtsel på eiga mark, men forvaltninga kan ikkje overlatast berre til enkeltbonden.
Ein må sjå på heilskapen i arealbruken og koordinere innsatsen, skal ein klare å ta vare på større areal. Kva vil Valdres med stølslandskapa sine? Det går heilt sikkert ikkje å ta vare på alt – da lyt ein prioritere mellom område.

Difor meiner dei rett bruk av ressursane i fjellområda våre er sentrale
Utmarksbruken endrar seg. Valdres får stadig fleire deltidsinnbyggjarar. Dei kjøper hyttetomter i område med utsikt og tilgang til opplevingar i haustingslandskapet. Mykje av hyttebygginga har utgangspunkt i det gamle stølslandskapet. Stølane vart ikkje plassert tilfeldig i terrenget. Dei vart lagt der tilhøva var best for plantevokster – på næringsrik jord i solrike lier.
Stadvis ser ein no frodige beitelier har vorte hyttelandsbyar. I enkelte stølslag går mjølkekyr i sikksakk mellom hytteveggane. Sau og storfe blir forstyrra av auka ferdsel av syklistar, fotturistar og hundar. Med nye brukarar av utmarka kjem nye haldningar og åtferdsmønster. Ikkje alle skjønar samanhengen mellom beitedyra og stølslandskapet dei ser framfor seg.
Klimaendringar og krigen i Ukraina som gjev prisauke på kunstgjødsel og andre innsatsfaktorar, har skapt uro for verdas matsituasjon og for norsk sjølvforsyning. Samstundes ligg det i norsk natur ein stor og nesten gratis fôrressurs for husdyr – utmarka. Å ta vare på stølslandskapa sin evne til å produsere mat er derfor ei investering i ei usikker framtid. Som bonus vil det gje ope landskap og eit høgt biologisk mangfald. Her burde landbruk, hyttefolk og reiseliv ha felles interesser.
God kjennskap til naturgrunnlaget er eit vilkår for god planlegging og forvalting. På den måten vil areal kunne disponerast i høve til prioriterte mål, samtidig som det er mogleg å føresjå konsekvensar av ulike tiltak. Vi frå Nibio vonar den utførte kartlegginga i Valdres kan auke kunnskapen og forståinga for kva naturressursar som finst og kva som skal forvaltast – at det gjev ei plattform for naturbruk med eit langsiktig perspektiv.