Valdres Ski-talenta fekk ei treningsøkt med Tarjei Bø i motbakkane i Reinli

Det er ikkje kvardagskost å få trene med ein av Noregs beste skiskyttarar, men det fekk eit knippe av Valdres Ski og Bagn IL sine utøvarar onsdag kveld. Tarjei Bø frå Stryn kom med gode tips til langrenns- og skiskyttartalenta.