Felespelaren Aslak Opsahl Brimi frå Lom i Gudbrandsdalen fekk overrekt den gjeve prisen Årets folkemusikar 2016. Han har vunne A-klassa på Landskappleiken heile tre gonger, og han står bak ei lang rekkje plateinnspelingar, både som musikar og produsent. Onsdag spelte han og kvartetten hans på Valdres folkemuseum på Fagernes, der dei presenterte si fyrste plate saman. Valdresstrykerne fekk óg spele med kvartetten.