Valdres vidaregåande skule blir ikkje opna over påske

DEL

Dei vidaregåande skulane i Innlandet vil vere stengde den fyrste veka over påske, melder Innlandet fylkeskommune måndag.

– Vi treng å skape føreseielegheit inn i påskeferien. Det blir ikkje aktuelt med fysisk gjenopning av skulane våre dei fire fyrste dagane etter påske, seier fylkesrådmann Tron Bamrud.

Det tyder at dei vidaregåande skulane held fram med digital undervisning frå tysdag 14. til fredag 17. april. Kva som skjer etter det, er foreløpig usikkert.

Regjeringa kjem med nye nasjonale anbefalingar fyrstkommande onsdag, og det kan òg vere lokale forhold som tilseier ein noko ulik praksis rundt omkring i landet.

– Men vi vil uansett ikkje opne skulane før tidlegast måndag 20. april, seier Bamrud.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken