Gå til sidens hovedinnhold

Valdres ville ha ny kurs

Uavhengig av tal på parti i regjering: No er det store forvetningar til ny regjering.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

Erna Solberg har styrt landet med stødig hand dei siste åtte åra. Ved årets val opplevde ho og regjeringa det same som Jens Stoltenberg og den raudgrøne regjeringa i 2013: Åtte år ved roret er openbert nok, ifylgje norske veljarar.

Solberg skal ha ros for å ha stått oppreist når det har storma som verst. Å styre landet gjennom ein pandemi, sørgje for at konsekvensane blir så fåe som mogleg, at enkeltpersonar, kommunar og næringsliv ikkje blir råka hardare enn nødvendig, har vore ei bragd. Solberg vil nok gå inn i historia som ein av dei mest markante statsministrane Noreg har hatt.

Likevel: Kvar sjette veljar i Oppland røysta Ap/Sp. I Valdres er styrketilhøvet om lag det same, frå litt under 59,2 prosent til Ap/Sp i Nord-Aurdal til 67,3 prosent i Vang. Signalet frå Valdres-kommunane er dermed svært klart og sterkt: Valdres-veljarane meiner det var på tide med ein ny politisk kurs.

No blir det ny regjering. Kva bør og må Valdres-samfunnet forvente? Som region er Valdres eit godt døme på kva som skjer elles i Distrikts-Noreg: Fråflytting, folketalsnedgang, fleire eldre innbyggjarar og færre yngre. Det gode livet kan likevel nytast i Valdres. Og under pandemien har fleire vendt nasen heimover for å busetje seg i heimtraktene.

Og me har mykje spennande å by på i Valdres. Eit sterkt reiseliv, med destinasjonar som Beitostølen, Filefjell og Aurdal. Naturopplevingar, gode råvarer og ein sterk mattradisjon. Kultur, tilhøyrsle og identitet. Det poppar opp av spennande prosjekt i Valdres, som sameiner næringsliv og innbyggjarar, og som ikkje minst jobbar med eit breitt fokus for å gje rom for gründerskap, nytenking, fleire arbeidsplassar, og tilflytting av nye og gamle valdrisar.

Som lokalsamfunn er me langt frå i mål. Folketalsutviklinga har som sagt vore negativ for Valdres-kommunane. Mange arbeidsplassar har forsvunne. Sentraliseringskreftene har også slått inn over Valdres. Kommunar og næringsliv kan heilt sikkert gjera endå meir for å byggje lokalsamfunn, arbeidsplassar og tilhøyrsle, men me treng draghjelp også frå sentrale styresmakter.

Valdres må framover kunne forvente ein tydlegare distriktspolitikk, med tiltak for næringsliv, etablering av nye arbeidsplassar, bustadbyggjing, samferdsle og gode offentlege tenester.

Slik skal det framleis vera godt å bu og leva i Valdres.

Kommentarer til denne saken