Debatt om ungdom og alkoholforbruk

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Kvifor drikk ungdom i Valdres meir enn ungdom elles i landet? Ungdata si spørjeundersøking i vår avslørte at drikkevanane er annleis for Valdres enn elles i landet.

DEL

Valdres: Her drikk ungdom meir og oftare og tala uroar mange. I det høve inviterer Nord-Aurdal folkebibliotek, Nord-Aurdal Frivilligsentral og Ungdomsklubben til debatt om temaet. Ungdata er ei spørjeundersøking som vart gjennomført av NOVA og KoRus ved Valdres vidaregåande skule våren 2018. I denne undersøkinga svarar 70 prosent av elevane ved skulen at dei har drukke seg fulle ein eller fleire gonger i løpet av det siste året. Dette er langt over landsgjennomsnittet. Til samanlikning seier 40 prosent av elevane på Lillehammer at dei har gjort det same.

Einsemd, stress og skulepress?

Tala uroar skuleleiinga, som seier dei ser ein mogleg samanheng mellom alkoholforbruk, einsemd, stress og skulepress. Valdresdebattane spør: Kvifor er det slik og greier vi å snu denne trenden? Kva skil dei som festar mykje, frå dei som festar lite? Er det foreldra sine rusvanar ungdomane tek med seg på hybelen, og finst det sosiale og økonomiske grunnar til at sume drikk mykje medan andre drikk lite?

I panelet I debattpanelet møter vi Bård Einar Høston, politibetjent og kriminalitetsførebyggande kontakt i Nord-Aurdal, Aina Olsen, konsulent i rusteam NAV, Vidar Eltun, ordførar i Vang kommune, og elevar ved Valdres vidaregåande skule.

Ordstyrar er Marta Bjarnøy Lalim, dagleg leiar på Frivilligsentralen i Nord-Aurdal. Debatten er i samarbeid med Ungdomsklubben og Nord-Aurdal Frivilligsentral.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken