Valdres: – Eg har stilt store spørsmål til denne omlegginga – og alle mine bekymringar slo til. Berre nokre få av dei 635 avisene «Kvikkas» skulle levert i Valdres laurdag kom fram, sukkar sjefredaktør Ivar Brynildsen.
– Trur ikkje på dei
Brynildsen fortel at Kvikkas har sett distribusjonsoppdraget bort til Norpost som utførande underleverandør i Valdres.
– Norpost hadde engasjert ti bod til å kjøre rutene i Valdres, men laurdag sa heile sju av dei opp på dagen. Etterpå har også Norposts bodsjef på Hønefoss slutta i jobben. Ny leiar er på plass, og no skal nye bod frå Drammen inn.
– Men eg har inga tru på at dei vil klare å utføre jobben – nær sagt med blanke ark. Summen av alt dette ser eg på som katastrofal for distribusjonen av våre aviser, seier Brynildsen.
Lokal ad hoc-løysing
Det er lokalavisa og mange av våre abonnentar (i dei mest grisgrendte delane) som blir ramma ved at Kvikkas/Norpost ikkje klarar å utføre den oppgåva dei har teke på seg. Difor fortel Brynildsen at han og resten av avisstaben no gjer sine eigne førebuingar for å dempe skadeverknadene komande laurdag.
Avisdepot i 19 butikkar
Distribusjonsleiar Svein Olav Sletten har dei siste dagane arbeidd med å få på plass avtaler med rundt 20 lokale butikkar, slik at dei både får aviser og abonnementslister – som ei naudløysing.
– Det er flott dersom Norpost klarar å levere avisene, men ut frå erfaringa sist helg, planlegg me no som om dei ikkje klarar å levere ei einaste avis. Vår backup blir at folk sjølve må oppsøkje butikkane nedanfor for å hente laurdagsavisa, om ho ikkje kjem i postkassa, fortel Ivar Brynildsen. I tillegg til dei nemnde butikkane, har avisa organisert alternativ utkjøring av aviser i Tisleidalen og på Leirskogen.
Her er depot-lista:
Dersom våre abonnentar ikkje får levert aviser i postkassene laurdag, må dei oppsøkje følgjande butikkar som ei naudløysing:
Etnedal: Matkroken Bruflat og Joker Bacher.
Sør-Aurdal: Joker Hedalen, Matkroken Hedalen handel, Joker Finnøen, Coop Pris Nes i Ådal, Spar Bagn og Coop Prix Bagn.
Nord-Aurdal: Kiwi Aurdal, Spar Leira og Coop Fagernes.
Vestre Slidre: Kiwi Røn, Joker Vaset, Coop Slidre, Joker Ryfoss.
Vang: Vang Autosenter.
Øystre Slidre: Coop Rogne, Coop Heggenes og Spar Beitostølen.