Hilme året rundt

Norsk munnharpefestival

Norsk munnharpefestival

Av

Konserthausten til Hilme året rundt er klart. Konsertane byr på intime og intense opplevingar. Sjå kva som skjer i haust:

DEL

Valdres: Norsk munnharpefestival går av stabelen 21.-23. september. I Valdres Folkemuseum kan ein sjå Munnharpevirtuos Thov Wetterhus og levande folkemusikkleksikon Kjellbjørn Karsrud spele konsert saman. Konserten er ein del av Norsk munnharpefestival.

Fredag 26. oktober er det Natt på museet i Valdres Folkemuseum. Per Anders Buen Garnås, Ingrid Fossum, Magnhild Karsrud, Emil Bakke Thon og Tor Nythun-Bøe kjem. Mat, konsertar og dans, heile kvelden.

Knut Hamre kjem på Kvamshall laurdag 24. november. Konsert med meisterspelemannen frå Hardanger. På dagtid blir det kurs. Rakfisklag etter konserten ved Vestre Slidre folkemusikk- og dansarlag.

For å innleie jula er det Julestemmer på Skarke, sundag 2. desember i Valdres Folkemuseum. Julestemning med gløgg, pepperkaker og Julestemmer på Skarke. Dette blir ein avslutning på Skarkearrangementet på Valdres Folkemuseum.

Artikkeltags