Norske redningshunder har kurs i Tyin-området

Kurs: Norske Redningshunder arrangerer vinterkurs.Arkivfoto

Kurs: Norske Redningshunder arrangerer vinterkurs.Arkivfoto

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Tyin: Norske Redningshunder arrangerer vårt Hovedkurs Vinter Sør Norge (HVSN) i Tyin området i uke 11 i år (11 – 19 mars) for sjette år på rad.

Norske Redningshunder har 50 hundeekvipasjar i området denne veka, både trenings- og godkjenningslag samt eit eige kurs for godkjente ekvipasjar som skal ha som tema «Førsteinnsats i skred» med trening under mest mulig realistiske forhold.

Dei forskjellige laga får oppgåver som skal løysast kvar dag heile veka for å vise at dei held eit nivå slik at dei kan verte godkjente på sine respektive trinn for så å gå vidare til neste trinn fram mot A-godkjenning. For A-laga er det testing av forskjellige moment som skal føre fram til godkjenning som lavinehund, noko som er eit symbol på at dei er klare til å vere ein ressurs når det verkeleg gjeld. Me har samarbeid med Røde Kors sine hjelpekorps i Valdres og Hemsedal/Hallingdal, Norsk Folkehjelp i Årdal, Tyin Ski, og Politiet i Valdres.

Det vil koma luftstøtte frå Politihelikopteret, Norsk Luftambulanse og SeaKing frå 330 skvadronen i Florø i løpet av veka, dersom det er flyvær og det ikkje er andre oppdrag som må prioriterast.

Det vil i løpet av veka bli arrangert forskjellige øvingar heile veka der i samarbeid og samhandling med alle desse forskjellige aktørane vil bli tema. Laurdag 18. mars vert veka avslutta med ei stor øving som vert leia av politiet, der dei fleste av aktørane som vert utkalla til snøskred stiller. Det vert då lagt opp til eit stort skred så reelt som mogleg der alt involvert mannskap får testa seg i det å samarbeide med andre. Her blir det oppgåver med koordinering, organisering, logistikk, samband, transport, overflatesøk, søk med elektroniske hjelpemiddel (s/m), sondelag, søk med hund, utgraving og ivaretaking av pasientar med transport til helikopter/ sjukebil. Alt dette er ting som møter oss i ein reel situasjon så slik trening kan vere ein avgjerande suksessfaktor når det står om minuttar.

Knut Skår

Artikkeltags