Flott, også om kvelden: I lysløypa ved Beitostølen Skistadion er det flotte tilhøve, men tilgangen vil vere noko avgrensa i samband med Beitosprinten fram mot helga.illustrasjonsfoto: kåre strande

Få løysløyper i bruk enno

Av
Publisert

VALDRES: Avisa fekk nyleg spørsmål om lysløyper som kan brukast. Dette var det ikkje lett å få svar på, noko som kanskje burde vere til ettertanke både for kommunar og reiselivsnæring?

Leirin-løypa
Lysløypa frå Valdres skisenter i Skrautvål til flyplassen er klar, det er ti kilometer fram og attende.

– Gode tilhøve, også fordi det vart gjort ekstra finpuss i traseen no i haust, seier Håkon Bakkene.

Beitostølen
Øystre Slidre kommune kunne ikkje svare om lysløyper, det kunne løypekjørar Knut Aassveen.

– Lysløypa ved Beitostølen stadion har flotte tilhøve, og kan brukast av alle, seier han.

Aassveen la til at idrettslaget har oppmoda om å betale ei treningsavgift på 50 kroner grunna store kostnader med kunstsnøen.

– Inn mot Beitosprinten no til helga blir det likevel noko restriksjonar i bruken med tanke på trening og preparering før konkurransane som går fredag, laurdag og søndag, seier Aassveen.

– For tidleg
I Sør-Aurdal kommune kunne Stig Solbrekken svare.

– Det er for lite snø i lysløypene både på Åsemyra og på Leirskogen. Løypene går i terrenget, mykje på myr, og no utan tele i bakken risikerer ein at løypemaskinene kjører seg ned, sier han.

Solbrekken legg til at sålen i løypene vil bli preparert med snøskuter så snart det er snø nok.

Svedalen
Heller ikkje hjå Vestre Slidre kommune var det klare svar å få. Av erfaring kontakta vi Svein Erik Ski, han visste at lysløypa i Svedalen ved Vaset er kjørt opp, men kunne ikkje seie noko om tilhøva.

Når det gjeld lysløypa på Eggeåsen rådde han oss til å kontakte Rune Halle, som ga om lag same svar som Solbrekken. Blaute myrer og litt lite snø gjer at maskinene ikkje kan kjøre trygt enno.

Tidlegløype langs Tyin
I Vang fekk vi nokre telefonnummer å prøve, utan at det ga meir kunnskap om lysløyper. Men vi fekk vite at det no blir kjørt tidlegløyper på vegen frå Tyin mot Eidsbugarden, og det er heilt sikkert av interesse for enkelte.

Var bra ved skulen
Etnedal kommune kunne ikkje svare, men vi ringte Syver Øistuen. Han sa at lysløypa ved skulen er kjørt, og at det gikk an å skøyte der fram til i går (måndag).

– Løypa i Steinsetbygde treng meir snø, også den i Granheimsbygde, som berre blir kjørt med maskin, sa Øistuen.

______________________

Klare lysløyper i Valdres

  • Løypa frå Valdres skisenter til Leirin har bra tilhøve (10 km t/r)
  • Løypa ved Beitostølen skistadion er flott, noko avgensa tilgang under Beitosprinten i helga
  • Løypa i Svedalen ved Vaset er kjørt, uklart med tilhøva
  • Løypa ved skulen i Etnedal er grunnkjørt med skuter, men fare for at mildvêret no øydelegg
  • Avisa fekk ikkje informasjon om andre opne lysløyper

Artikkeltags