Enorme forskjellar i dialektbruk

Nesten alle vidaregåandeelevar i Lom og på Dombås pratar lokale dialektar på skulen – medan berre mellom fem og sju prosent av elevane i Gol, Rjukan og Numedal gjer det. Nord-Gudbrandsdalen og Vest-Telemark har høg dialektbruk, Gausdal og Valdres ligg midt på treet, medan særs få elevar pratar dialekt i Numedal, Aust-Telemark og Hallingdal.