Vestre Slidre kommune er på den lokale dialekttoppen

Vestre Slidre har som kommune toppa listene over lokal dialektbruk i grunnskulen i Valdres både i 1998, 2004 og i 2019. Sidan 1998 er dialektnedgangen størst i Etnedal og Vang. I sentrumskommunen Nord-Aurdal har det vore minst dialektbruk alle gongene.