Nytt dialektprosjekt i «Valdres»

Avisa Valdres startar i dag ein ny artikkelserie om dialektar, og utvikling knytt til bruken av lokalt talemål. Serien vil koma på trykk her i avisa ein gong i veka i om lag tre månader framover.

DEL

Bakgrunnen for serien er at underteikna journalist ved fleire tidlegare høve har laga artiklar og større seriar knytt til dialektar. Dei to fyrste prosjekta var to store talemålsundersøkingar, som avisa fekk hjelp av skulane i Valdres til å gjennomføre både i 1998 og 2004. Då talte ein opp kor mange elevar i kvar grunnskuleklasse (1. – 10.) som tala lokal dialekt. Dette resulterte i mange artiklar.

Ny talemålsundersøking

15 og 21 år etter dei to førre undersøkingane, har «Valdres» fått ny hjelp av skulane til å telje kor mange av elevane som pratar ei av valdresdialektane. Undersøkinga vart gjennomførd i overgangen januar/februar, og resultatet vil koma på trykk i slutten av mars. Her har lesarane spanande stoff i vente!

Reiseradioens kåring

Sumaren 2005 hadde NRKs «Reiseradioen» kåring av «Norges mest populære dialekt». Sjølvsagt er me stolte av eigen dialekt, men faktum er at radiolyttarane stemte fram valdresdialekten til å bli vinnaren. Dette utløyste lokalt språkengasjement, og det førte til at avisa laga ein serie med 12 dobbeltsider gjennom den etterfølgjande vinteren. Her belyste me ulike sider av valdresdialekten, lokale grenser og forskjellar.

Nytt dialektprosjekt

Sist haust vart avisa utfordra av ein lesar til å prøve å få gjennomført talemålsundersøkinga i grunnskulen på nytt. Går dialektbruken mellom barn og unge framleis nedover, har det flata ut – eller kan det tenkjast å vera oppgang? Mellom anna difor, har det nye dialektprosjektet vårt fått namnet Kva veg går det med valdresdialekten? Har dialekt nokon lysande framtid?

Redaktør Ivar Brynildsen sa kjapt ja til å prøve å få til ei ny talemålsundersøking, men bad underteikna også om å formulere ein søknad til eit større dialektprosjekt. Han ville at me skulle søkje Stiftinga Fritt Ord om midlar til frikjøp av arbeidskraft – slik at denne dialektsatsinga kan koma som eit tillegg, og utan at det går ut over den daglege stoffproduksjonen i avisredaksjonen.

Som tenkt så gjort, og avisas søknad om frikjøpt arbeidskraft i tre månader fekk bra tilslag i Fritt Ord. Arbeidet med serien starta ved nyttår, og det er altså resultatet av dette lesarane vil møte i tida framover.

Fagleg støtte

Ved høgskular og universitet blir det forska på språk, og «Valdres» har fått knytt til seg språkprofessorane Brit Mæhlum og Unn Røyneland som mentorar i prosjektet. Deira syn på saka blir presentert neste veke.

«Valdres» har vidare intervjua språkforskar Arne Torp, også kjent som «Joker-mannen». Me har intervjua han om midlandsmåla, som valdresdialekten er ein del av.

Mange emne

Elles står ungdom og talemål på dagsorden – synest dagens unge det er «teit» å prate dialekt, eller gjev det status? Og kva rolle spelar barnehagar og grunnskular for dialektutviklinga? Er det lokal bevisstheit eller apati til emnet?

Mobiltelefonen har gjeve dialektane ein ny og skriftleg plattform, som dei aldri tidlegare har hatt. «Valdres» ser nærare på fenomenet dialekt i sosiale media.

Kultur og næringsliv har dei siste tiåra teke dialekt i bruk i langt større grad i marknadsføringa. Speglar dette kulturell identitet, eller er det berre eit salstriks?

Og kva slags språk er det me lærer bort til innvandrarane – i skrift og tale? Kva skal til for å høyrest ut som at du høyrer til?

Dialekt og turisme

Spelar det vidare nokon språkleg rolle at det no er fleire hytter enn fastbuande innbyggjarar i Valdres? Legg valdrisane om og knotar i møtet med turistar og hyttefolk?

Dette er nokre av emna som vil bli belyste i artikkelserien i månadene framover. Men i dag startar me serien med ein prat med direktøren i Fritt Ord, Knut Olav Åmås. Han er leiar av ein institusjon dei fleste truleg har høyrt om, men dei færraste kanskje veit kva står for:

Artikkeltags