Valdresflye: Nokre få bilar står parkerte langs vegkanten. Vi spenner på oss fjellskia og ruslar i veg i herleg kornsnø. Ikkje noko løype, men lett å gå, skia går berre 5 centimeter nedi. Det blir ein runde på knappe to timar, på vestsida av vegen. Med sol som fløymer over vidder og tindar, med skuggar som blir stadig lengre, og med usigeleg ro og takksemd over å ha slike opplevingar så nær. Betre inngang til julehøgtida er knapt å finne.