Valdresflye opnar 29. mars
Fylkesveg 51 over Valdresflye opnar fredag 29. mars etter å ha vore vinterstengd, melder Statens vegvesen i ei pressemelding.
Valdresflye: Til vanleg skal denne fjellovergangen opnast 1. april etter vinterstenging. Sidan det er ein måndag har Statens vegvesen, i samråd med Oppland fylkeskommune, bestemt at vegen opnar før den aktuelle helga.