Valdreskappleiken til helga

Henning Andersen

Henning Andersen Foto:

Den tradisjonelle Valdreskappleiken blir arrangert på Sør-Aurdal ungdomsskule i Bagn laurdag 6. april.

DEL

Bagn: Kappleik har lange tradisjonar i Noreg, og den fyrste offisielle kappleiken vart faktisk arrangert heilt attende i 1888! På Valdreskappleiken blir det tevla i ulike greiner på dagtid, både hardingfele, pardans, halling, langeleik, song, munnharpe gruppespel og lagspel er klassar ein kan melde seg på i.

På kveldstid skal ein også kåre det beste runddansparet i Valdres! Valdreskappleiken har dei siste åra hatt god deltaking, både blant yngre rekruttar og meir rutinerte utøvarar. Og ein kan kanskje spørje seg kvifor så mange melder seg på? Fjorårsvinnar av kappleiken Frank Rolland meiner han har svaret klart:

– Det er so kjekt å få spele for eit kyndig og godt publikum! Det er ikkje minst kjekt å treffe gamle kjende, og bli kjend med nye utøvarar i alle aldrar.

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto Foto:

Konsert

Som ein del av kappleiken blir det også arrangert konsert. Konserten er ein del av konsertrekkja Hilme året rundt, som no er inne i tredje året med konsertar. På scena denne gongen står Henning Andersen og Håkon Asheim.

Håkon Asheim er Oslo-Valdris med ein solid kunstarisk produksjon bak seg, hovudvekta i hans kunstariske verksemd er hardingfelespel frå Valdres. Håkon jobbar til dagleg som førsteamanuensis ved Ole Bull Akademiet. Henning Andersen har mange jarn i elden, og er eit kjend namn for mange i Valdres, det som kanskje ikkje er fullt så kjend er at han er ein av dei fremste hardingfelespelemennene i landet.

– Her får publikum ein unik konsert med eit solid lokalt tilsnitt. Konserten startar 18.00, så her får eit utslitt kappleikspublikum ei sjanse til å samle nye krefter til kvelden. Eg trur også at konserten kan passe veldig bra til alle som er interesserte i litt Valdres-historie. Seier konsertansvarleg Sivert Holmen.

Kappleiken går på omgang mellom lokallaga i Valdres, og blir arrangert på våren. I år er det Begnaljom spel- og dansarlag som er arrangør. Begnaljom spel- og dansarlag har også jubileum i år, der spelemannslaget er 50 år og dansarlaget 40 år.

Artikkeltags