Fjellkarar

Registrerer: Jon Helge med Grindafjell bak. Her skal han av stad for å GPS-registrere populære toppturar som ikkje blir kvistmerka. Med GPS finn hjelpekorpset fram i null sikt.

Registrerer: Jon Helge med Grindafjell bak. Her skal han av stad for å GPS-registrere populære toppturar som ikkje blir kvistmerka. Med GPS finn hjelpekorpset fram i null sikt. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Eg møter dei to brørne i ei austvendt helling ved Tyinosen ein dag i midten av februar. Leif Øyvind skal gje ein leksjon om snøprofil og korleis han tolkar skredfare. I Valdresmagasinets påskeutgave skal Jon Helge formidle nokre alvorsord om trygg fjellferdsel.

DEL

Leif Øyvind er NVEs skredobservatør på sørsida av Jotunheimen. Han er ute kvar veke i perioden 1. desember til 1. mai. Dette er fjerde sesongen hans. Bakgrunnen er solid opplæring og relevant erfaring med snø i utsett terreng – ikkje minst som frikjørar. Dessutan bur han i fjellet, som innehavar av Intersport-butikken ved Tyinkrysset.

Omfattande observasjon
– Snøprofilen er berre ein liten del av varslingsobesrvasjonen som skal leverast til oppdragsgjevaren. Det viktigaste er jo å følgje med på vær og vind, temperatur og snø. Då har eg eit utgangspunkt for meine noko om kor det kan vera skredfare, og så går eg dit for å undersøkje realiteten, fortel Leif Øyvind.

– Har vinden kome frå vest saman med nysnø eller han har flytta på laussnø som har liggje ei stund? Ja, da veit eg at austhellingane kan vera risikable. Nå – fram mot midten av februar – har det vore lenge kaldt i mitt observasjonsområde. Då dannar det seg rimlag over heile fjellet. Nytt snølag oppå rimet set seg dårleg, blir altså ustabilt og sklir lett av garde. Treng tid til å feste seg.

– Ein får ikkje det heile bildet av rasfaren utan å gå ein tur på ski – for å sjå og lytte etter faresignal. Har det gått ras? Høyrest drønn? Blir det sprekkar når underlaget søkk saman? I små, ufarlege hellingar kan eg stampe i snøen for å sjå om han sklir ut eller ikkje. Dette er minst like viktig informasjon, understrekar Leif Øyvind som ikkje brukar snøscooter fordi han da kan gå glipp av faresignala.

Det observatøren opplever – eller ikkje opplever – på ein slik tur, indikerer kva svar han vil finne i snøprofilen. Den er med og støttar opp om observasjonane frå turen. Det viktigaste profilen viser, er lagdelingane frå topp til botn – altså sjiktovergangane og forskjellane i hardheit i laga. Det er da ein kan teste om gliflater går lett i brot.

Kan endra seg
– Ein kort karakteristikk av det me ser her i dag, er lag som kanskje er litt utsette på sikt. Me ser hovudsakleg at laga ikkje utgjer noko problem fordi dei har sett seg veldig godt. Men seinare kan rimlaget som me har funne 30 centimeter under den ferskaste snøen, utgjera ein fare.

– Truleg må det helst koma meir snø hit til lesida, nysnø eller snø transportert av vinden, som legg seg oppå rimlaget av små korn som bind dårleg. Da aukar skredfaren umiddelbart. Det er altså ikkje nødvendig med nysnø. Temperaturstigning er også uheldig, men ved Tyin er det gjerne slik at vinden kjem før vêret mildnar.

På spørsmålet om ansvaret tyngjer, svarar Leif Øyvind at sjølvsagt er han bevisst på at observasjonane må vera korrekte.

– Men det er observasjonar eg leverer, eg varslar ikkje. Det gjer vêr- og skredekspertane med høgare utdanning på feltet og som ser dei store linene. Dei set i hop eit varsel for heile regionen.

Bruk fjellvett
– Følg oppmerka løyper og hald deg godt unna bratte lesider, skavlar og bekkedalar. Og går du inn på www.varsom.no, kan du lese mykje om fareteikn. Det er ei god lærebok du verkeleg kan fordjupe deg i og lære meir av, skyt Jon Helge inn. Han har stått taus og høyrt på broren.

– Den Norske Turistforening kvistar løyper, og dei skal vera trygge. Me i hjelpekorpset køyrer også desse rutene med scooter og legg dei inn på GPS, slik at me kan rykkje ut i vêr så dårleg at ein ikkje ser kvistane. Me registrerer også ruter som ikkje er merka, ruter for breie ski med stålkantar. Mugnetind legg me for eksempel inn for første gong i år. Toppen er eit populært, men umerka turmål frå Beitostølen. Dit har me hatt fleire turar i dårleg vêr. Heretter kan me køyre trygt om det er null sikt.

I beredskap
Grindaheim Røde Kors Hjelpekorps har hytte i Filefjellheisen og vakt med fem-seks personar heile påska. I tillegg står tretti på alarmlista. Alle har gjennomgått dei grunnleggjande kursa.

– Men den viktigaste realkompetansen har dei frå oppveksten i fjellet. Nivået i korpset er høgt, hevdar Jon Helge, som er operativ leiar på åttande året.

– Tre av oss er også med i skredgruppa i Gudbrandsdalen. Me sit altså med kompetanse på skredredning, har vore med på søk og veit kor krevjande det er i bratt og ulendt terreng og dårleg vêr. Overlevingssjansanse har blitt monaleg større med dei nye personlege skredvarslarane og dermed kameratredning. Tida er heilt avgjerande for å overleve. Dei fleste dør etter 10 til 15 minutt – om dei ikkje omkjem av mekaniske grunnar – slått i hel mot tre eller steinar. Skredvarslarane er likevel ingen grunn til å ta sjansar ein elles ikkje ville ha tatt, presiserer Jon Helge.

Aktiv påskeberedskap med mannskap på snøscooter ute i fjellet er vesentleg for å redusere responstida i områda som omfattar store delar av Vang kommune.

– Eg veit heilt sikkert at det blir mange oppdrag denne påska også med å hente folk i løypene av ulike grunnar. Og at det blir ein leiteaksjon eller tre. Jon Helge snakkar av erfaring.

– Ved ras blir me varsla direkte frå politiet eller hovudredningssentralen. Me samarbeider sjølvsagt med Norsk Luftambulanse på Ål, som tar med ein av oss til skredområdet for å leie søket, vurdere mannskapsbehovet og tryggleiken for mannskapa. Både me og helikopteret har sporingsapp, fortel Jon som er ambulansearbeider i Sjukehuset Innlandet på full tid. Attåt å vera sauebonde.

Han legg vekt på at Grindaheim Røde Kors Hjelpekorps har avtale med Sjukehuset Innlandet om pasientransport utanfor veg ved skade i terrenget – sommar og vinter.

– Me er dei einast som skal kunne hente dei – sjølvsagt med unntak av tilfelle med hjarteinfarkt eller anna akutt der ein eventuelt må ty til ein nærmare scooter som andre enn korpset disponerer. Dette er ei avtale som betyr mykje økonomisk for korpset.

 

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken